28.02.2006

Japans mest kända hund

*Snufs* De må lesa denne gripande historia om bikkja Hachiko *snøft*.
De kan då ikkje berre gje det vekk?

Utruleg morosam sak om kor vanskeleg det er å forstå at nokon vil gje bort ein nettlesar.

22.02.2006

For eit fornuftig forsvar av ytringsfridom

Alle snakkar om ytringsfridom om dagen, Austerrike og Danmark gjer noko med det.

Så: det trengst eit fornuftig forsvar ytringsfridomen, eit forsvar som ikkje er opportunistisk islamhets.

Kva skal så eit slikt forsvar byggja på? Ta gjerne debatten i kommentarfeltet.

21.02.2006

Ytringsfridom i Danmark
Som de kan lesa av artikkelen over er dei hardnakka forsvarar av ytringsfridomen der nede i sør...
Svar på spørsmål I

Gamle Gudrun har stilt nokre spørsmål:

1. Kvifor er du so glad i Smiths? (Eg vonar ikkje du har slutta å vera det, då)

Hmmm... Eg hugsar fyrste songen eg verkeleg likte, Panic. Det er mogleg den verkeleg sa noko til meg om mitt liv... Då var eg 11 år, og det var berre nokre månader til The Smiths gjekk frå kvarandre. Neste år har eg altså 20-årsjubileum som Smiths-fan. Eg trur at grunnen til at eg liker dei så godt framleis er rein nostalgi, tilbake til den gongen ein oppdaga musikk som betydde noko. No er det mest som lydkulissar.

2. Er det sant at alle gamlismålungdomar (slike som meg og deg) har gått over til å vera tospråksfolk, og høyrest ut som me jobbar i kulturdepartementet?

Eg er ikkje vorte tospråksmann, men det finst sikkert dei som er usamde med meg om det. Eg høyrest vonleg ikkje ut som om eg jobbar i kulturdepartementet. Eller, det er ikkje sant, eg har ikkje heilt grep om korleis dei høyrest ut der. Kan du gje eit døme?

3. Gler du deg til du skal ha 30-årsfest? Det gjer eg.

JA! Eg hadde tenkt å ha den på dagen, men no har noko anna kome opp same kvelden, så eg må vurdera om eg skal flytta feiringa til dagen etterpå. Men det vert ein kjempefest, og alle som nokonsinne har kjent meg bør rekna seg som inviterte.

12.02.2006

Kvifor er det så keisamt å blogga?

Eg tykkjer ikkje det er keisamt med bloggar. Eg liker å lesa det andre har skrive. Eg tykkjer det stort sett er keisamt å lesa det eg sjølv har skrive.

Ettersom eg tykkjer det er moro å lesa det andre skriv burde eg jo eigenleg tenkja at andre liker at eg skriv, og så skriva for å gleda medmenneska mine. Det er ein god nok grunn til å blogga i seg sjølv. Men då må eg finna på noko å skriva om. Eg har ikkje lyst til noko intimitetstyranni, det gjer Fru Lur Sur for heile internett.

Ting som handlar om fotball og supportarar er mykje betre å skriva og lesa om på forum.

Eg har byrja å høyra på mykje meir musikk no som eg har fått meg iPod. Så det kan eg kanskje skriva om. Men det eg tenkte kanskje hadde gjort at eg skreiv meir var om eg kunne svara på spørsmål. Det tykkjer eg er morosamt. Så send ikkje-intime spørsmål til magnus krøllalfa nynorsk no, så skal eg svara i bloggen.

Og eg kjem ikkje til å kalla det ein vlogg, Margit.