18.08.2006

Ein fånyttes boikott

Vårt eige livstilsultravenstre, Erik, Brage og Mani vil boikotta bloggen min ettersom Google plukkar fram ordet Israel som eit ord lesarane av denne bloggen kanskje vil sjå annonsar om. Eg veit at dei ikkje klarar å halda seg unna, serleg ettersom eg kjem til å nemna namna deira støtt og stadig framover. Dei vil at eg skal gje pengane eg får inn til våpen til Hizbollah. Vel, ikkje meg i mot. Gje meg eit kontonummer, berre. Eg anar ikkje korleis eg skal få vita at pengane har gått til våpen og ikkje til mat, medisinar og nye hus, då.

Boikotten fungerer dårleg til no, det har korkje vore fleire eller færre vitjarar enn vanleg, men eg har fått meir pengar på google-annonsen enn tidlegare.

16.08.2006

Lister

Erik K har laga nokre veldig fine lister, han har faktisk laga ein blogg med berre lister!
Her er eit par gode:
Politiske drinkar
Gode matkombinasjonar

15.08.2006

Baosj

Den svenske snuten vil nå fram til forstadsungdomen, og har malt ein bil med kallenamnet "aina":

<
Ein kan lesa meir om dette i Metro.
Eg ser ikkje for meg at oslopolitiet døper om bilane sine med "baosj", og det er kanskje like greitt.

09.08.2006

Vålerenga Cricket Club

I dag speler Noreg finale i cricket mot Jersey. Det vert spanande å sjå om Noreg kjem opp i andre divisjon. Eg har tenkt lenge at Vålerenga burde ha ei cricketavdeling, og ved eit reint tilfell fann eg ut at det alt er ein klubb som kallar seg Vålerenga Cricket Club.

Eg voner dei kan verta ein del av Vålerengens Idrettsforening. Det ville vore bra for cricketidretten, for interessa blant nordmenn, for å få fleire med innvandrarbakgrunn interesserte i Vålerenga.

Kanskje eg tilogmed kjem meg på ein kamp med VCC...

08.08.2006

Ambri



Det sveitsiske hockeylaget Ambri har ein liten, varm plass i mitt hjarta. Ambri er ein liten landsby i Sveits, med nokre få hundre ibuarar. Likevel har dei eit hockeylag med mange tusen tilskodarar, og som har vore i dei to øvste divisjonane i sveitstisk hockey sidan grunnleggjinga av klubben i 1937.

Eg nemner klubben i dag fordi supportarane hadde opp eit banner med støtte til Palestina og Libanon i ein treningskamp på laurdag som var.

Supportarar frå Ambri var også på laget eg spelte på i Mondiali Antirazzisti, og jammen var ikkje to av dei med på kampen mot Mlada Boleslav i Tsjekkia.

07.08.2006

Det nordiske biblioteket i Frankrike

Dette hadde eg aldri høyrt om før. Den største samlinga av nordiske bøker utanfor norden er i eit bibliotek i Paris.
Og dei veit korleios dei skal lokka besøkande - i opplistinga av brukarar avsluttar dei med:
jeunes filles au pair qui viennent y chercher le dernier roman paru.
(Unge au pair-jenter som leiter etter dei nyaste romanane.)