31.01.2008

...lyst på i nynorsk- og bokmålsversjon

Her om dagen kom eg ved eit tilfelle over Wikipe-Tan. Kva er det? Jau, i tråd med at alt og alle i Japan skal ha ein søt liten maskot er det laga ein eigen manga-maskot for Wikipedia. Ho ser slik ut:

Då eg las artikkelen om henne på Wikipedia såg eg at det også finst slike for alle moglege operativsystem, spelkonsollar etc.

De kan jo sjå kva eg bruker ut frå teikningane her:

Den siste er kanskje litt vanskeleg... (via - ver varsam...)

Tenk om dei kunne laga slike for nynorsk, bokmål, riksmål, samnorsk, høgnorsk...

21.01.2008

...skrive under på

Eg skriv under færre og færre opprop kjenner eg, men no tok eg fram oppropsunderkriftspennen att. Erik Haugan har sett i gang eit opprop om klimapolitikk eg kjende meg veldig att i. Les oppropet, og skriv under!

...tenkt på i helga

Eg las kronikken til Jan E. Hansen om striden ved Roma-universitetet La Sapienza, der store protestar førte til at paven valde å ikkje halda ei førelesing. Eg reagerte veldig på at Hansen aldri nemnde kva motstandarane av pavebesøket protesterte mot.

Bakgrunnen var altså at Benedikt XVI i Parma i 1990 - den gongen som kardinal - siterte filosofen Feyerabend, som sa dette om Galileo:

‘At the time of Galileo, the church stayed much truer to reason than Galileo himself. Galileo’s trial was rational and just’. (eng.) / (it.)

At vitskapsfolk reagerer på denne utsegna er fullt forståeleg. Jan E. Hansen har berre dette å seia om professorane og dei andre vitskapleg tilsette som protesterte:

Lærere som av ideologiske grunner ikke ønsker å diskutere etikk eller kulturkonflikter med paven i universitetets lokaler, er ganske sikkert fagfolk uten ekte undervisnings- eller forskningstalent. I dette talentet ligger kommunikasjonsevne - ja, saktens også behov for kunnskapsutfordring. Uten disse egenskapene har en lærer ingen mulighet til å vinne gehør hos elever og studenter.

Så. Eg forstår altså protestane. Eg meiner likevel at i denne saka spelte ein ballen rett i fanget på motstandarane sine, eller til Jan E. Hansen for den del.

Det er ikkje rett å nekta paven å tala på eit universitet. Eg ville nok valt ein annan person til å opna studieåret. Eg tykkjer heller ikkje talen Ratzinger hadde tenkt å halda var så veldig interessant.

20.01.2008

...ledd av i dag

NA24 har eit oppslag om ein japansk 16-åring som har svingt seg på byen, utan å ha pengar å betala med. Nokre utdrag:

En ung japansk tenåring på 16-år lot som han var en velstående playboy brukte 1.700 pund, om lag 18.000 kroner, på drikkevarer på en bar ved Tokyo,

Men når regningen skulle betales fortalte den unge spanderbuksen at han ikke hadde noen penger.

De ansatte ringte dermed politiet som ble arrestert mistenkt for svindel.

De ansatte skal ha blitt sjokkerte da de fikk vite om alderen til gutten da han virket eldre enn alderen skulle tilsi.

Det står att to setningar i notisen etter at eg klypte ut desse... Er det i det heile nokon som har lese denne saka før den hamna på nettet? Den er til og med oppdatert ein gong, eg undrast på korleis den såg ut i utgangspunktet.

...lyst til å ha på veggen

Norsk omsetjing, etter beste evne: "Kommunismen min fungerer berre åleine. Splitting - eg tykkjer det eigentleg er veldig bra!" via

...på 7" og 12" og ikkje har høyrt på mange år

DJ Paul T frå Oklahoma legg ut gode gamle 12"ar frå åtti- og nittitalet - med alle remiksar, a cappella- og instrumentalversjonar intakt. Eg fann fleire eg har på vinyl frå før, men eg har jo ingen platespelar kopla til anlegget for tida. Jody Watley: Most of All, New Order: Fine Time, Sheena Easton: 101, Sheila E.: The Belle of St. Mark.

Han har ein Olivia Newton-John-blog også, men den har eg ikkje sett på.

17.01.2008

...lite tru på

Aftenposten melder at ein no kan kjøpa piller som skal helpa i FPS (fyrstepersonsskytespel)...

...lese før og er overraska over utviklinga av

Arnfinn Pettersen skriv om utviklinga av den tidlegare warbloggaren Bjørn Stærk. Bjørn Stærk var, sjølv om eg var grunnleggjande usamd med nesten alt han skreiv, ein inspirasjon til at eg byrja å blogga den gongen langt tilbake i 2002. På den tida kunne ein lista opp alle norske bloggar frå minnet. Det er interessant å sjå utviklinga hans, og veldig moro med måten han har gått tilbake til å laga heimeside - komplett med Under construction-skilt.

...skåra 7 av 10 på

Denne testen var veldig morosam, tykkjer eg.  Den testar kor godtruande du er, og evna di til kritisk tenkjing. Eg er litt skuffa over meg sjølv for nokre av svara eg gav. via

The gullibility test - science and nature

16.01.2008

...lurt på og er glad for at nokon kan forklara meg

Placebo-effekten er spanande: kvifor vert nokon friskare av å eta sukkerpiller? Bloggen Science Based Medicine har eit innlegg om Placebo, og eg tykkjer i alle fall eg forstår meir enn før.



It has also been clearly demonstrated that subjects who are being
studied in a clinical trial objectively do better. This is because they
are in a clinical trial – they are paying closer attention to their
overall health, they are likely taking better care of themselves due to
the constant reminder of their health and habits provided by the study
visits and attention they are getting, they are being examined on a
regular basis by a physician, and their overall compliance with
treatment is likely to be higher. So basically, subjects in a trial
take better care of themselves and get more medical attention than
people not in trials. If for those not in a clinical trial, if they
decide to do something about their health by starting a new treatment,
they are likely to engage in more healthful behavior in other ways.

Dette kan jo forresten seia oss noko om eit visst forsøk i Oslo dei siste tre åra...

Mannen bakom Science Based Medicine er også redaktøren for ein av mine favoritt-podkastar, the Skeptics' Guide to The Universe.

Blogged with Flock

...lyst til å testa

It doesn't matter how good or bad the product is, the fact is that people don't read anymore... The whole conception is flawed at the top because people don't read anymore. Steve Jobs

Om det ikkje kjem nokre kommentarar på dette innlegget har Steve Jobs rett.

...sett

Louis Theroux har vore på ei to veker lang vitjing i St. Quentin-fengselet i Kalifornia. Dette er den beste dokumentaren om livet i eit fengsel eg har sett, truleg fordi Theroux nok er ein av dei mest likandes intervjuarane på TV. Han let fangane sleppa til, prata ut. Og han finn nokre utrulege historier, mellom anna om den homofile jøden og den tidlegare nazisten som har funne kvarande bakom murane (via).

15.01.2008

... vanskeleg for å tru

Fotballhelten Cristiano Lucarelli vender heim til Italia. For å spela for Parma... Det er nesten til å grina av. Meir hjå Partigiani Livornesi Scandinavia

...sletta

Eg sletta alle bloggane eg hadde lenkja til. Eg orka ikkje gå gjennom og sjekka kva lenkjer som funka og ikkje. I framtida kjem eg til å lenkja opp bloggar etter kvart som eg skriv om dei.

...lasta ned og redigert bloggen min med

Eg er jo ein av desse som snakkar mykje positivt om fri programvare og open kjeldekode og slikt. Nett no skriv eg i Windows Live Writer - det er ein veldig fin bloggredigerer. Du kan lasta ned Live Writer, Live Photo Gallery og Live Mail her.

...starta på nytt

Eg prøver igjen. Ny start på bloggen. Eigentleg er det jo fjaseboka og anna som har teke over for blogginga, men no som blogging er skikkeleg uhipt er det kanskje på tide å ta det opp att.