23.03.2008

...vore sjalu på astronautar for

Dei får sjå slikt:

Dette er nordlyset sett frå den internasjonale romstasjonen.

...lese i dag

Trongen etter ferske aviser vart sterk, men Narvesen på Oslo S kunne ikkje hjelpa stort. Eg kjøpte helgeutgåva av International Herald Tribune, men den er jo ikkje ferskare enn frå fredag. Og det var ei ganske keisam utgåve. Derimot fann eg eit nytt svensk tidsskrift, Filter. Filter er etter det eg kan forstå redigert av nokre av dei som gjorde Offside til det mest lesverde fotballbladet eg har sett. Eg har berre lese halve Filter, men det eg las var verkeleg bra. Mat-spalta handla om korleis det har seg at vi kan få "italiensk" olivenolje på Rema 1000, når den italienske produksjonen dekkjer omlag halvparten av det italienske konsumet. Det var ein lang artikkel om Carl Lundström, høgreekstremisten som er tiltalt i Pirate Bay-saka - og dette var ein artikkel om fildeling som var truverdig, ettersom den hadde den tekniske forståringa på plass.  Mykje anna interessant også, så eg tilrår dette til dei som skal raska med seg lesestoff til lange heimreiser no mot slutten av påskeferien.

10.03.2008

...vorte fortalt om kaker og universet

Jon Kvalbein har ein av kommentarane sine i Aftenposten i dag. Eg var arg og snakka med mat i kjeften då eg las den under lønsjen. Kva var det som gjorde meg så sint? Vel, eg reagerer på korleis han stiller heile saka om vitskap og tru på hovudet. Kvalbein skriv at det er forskarar og folk med eit vitskaps-basert verdsbilete som uttalar seg skråsikkert om korleis livet, universet  og alt er vorte til. Men det er jo ikkje slik det er: vitskapsfolk seier at dei ikkje veit korleis og kvifor, men at dei held på med å finna det ut. Kvalbein derimot, han er vorten fortalt av Gud korleis ting heng saman. Han er skråsikker. Han treng ikkje stilla spørsmål - svaret vert i alle høve at "Gud gjorde det".

Ein god stereotyp, venstrebloggar skal alltid åtvara mot "amerikanske tilhøve", og  denne gongen er det eit godt høve til det. Det er nett vedteken  ei lov i Oklahoma som seier:

A school district shall treat a student’s voluntary expression of a religious viewpoint, if any, on an otherwise permissible subject in the same manner the district treats a student’s voluntary expression of a secular or other viewpoint on an otherwise permissible subject and may not discriminate against the student based on a religious viewpoint expressed by the student on an otherwise permissible subject.

Altså om kritikarane tolkar lova rett, så er det slik i Oklahoma at om religionen din seier at jorda er 6000 år gamal, så skal du få rett på det i ein prøve i naturvitskap.

Kvalbein skriv: "En åpen vitenskapelig holdning kan ikke se bort fra at universet kan være skapt.". Nei, ein open vitskapleg haldning kan ikkje det. Men ein slik påstand krev prov, den må verta underbygd med empiri. Det har ikkje Kvalbein - han syner berre til at Gud har sagt at det er slik. Og ingen med ei open, vitskapleg haldning kan godta det.

05.03.2008

...streva med leeenge

Eg har no endeleg klart å installera Linux på ein akseptabel måte på den stasjonære PD'en heime. Alpha 5-utgåva av Ubuntu 8.04 let meg få installera ein drivar som passa grafikkortet mitt.
No står det att å få til ei løysing slik at Vista aksepterer Ubuntu som ein god nabo. Eg får ikkje til ein saumlaus oppstart av Ubuntu, eg må bruka ein oppstartsdisk for å få det i gang. Men det skal nok lata seg fiksa. Det er litt ålreit å ha eit 64-bits operativsystem, så. Ikkje at det gjer så stor praktisk skilnad, men det kjennest godt å ha noko som er tilpassa prosessoren.