24.06.2005

Ferieplanar...

Då er eg litt nærare å finna ut kor ferien går i år. Det vert anten Finland eller Armenia, for å sjå kvalikkamp i meisterligaen. Les meir om reisemåla.

23.06.2005

Ta tilbake setesdalsgenseren!

Det tyske nazi-merket Thor Steinar sel ein genser dei kallar norweger. Svin.

21.06.2005

Sodastream-songen

Fantastisk marknadsføring! Brusmaskinseljarane har laga ein song som er så dårleg at eg er nøydd til å lenka til sida deira... "Kosevann", liksom.
Omvending av homofile
"I 1997 forsøkte den omvendte homofile John Smid hvordan det gikk for seg:

- Jeg ser på en vegg og plutselig ser jeg at den er blå sa Smid ifølge Memphis Flyer da han pekte på en gul vegg.

- Noen andre kommer gående og sier: - Nei, den er gullfarget. Men jeg vil tro at den veggen er blå. Så kommer Gud og han sier: "Du har rett, John, veggen er blå. Det er den hjelpen jeg trenger. Gud kan få meg til å tro at en gul vegg er blå. "

OK, om det er slik det heng saman er det ikkje rart mange meiner det er mogleg å 'omvenda' homofile. Det er berre å nekta for røyndomen...

19.06.2005

Italian Soccer's Revolutionary Decade
Interessant artikkel om endringane i italiensk fotball dei siste åra, krydra med utvalde Marx-sitat.