18.01.2012

La Marit få kle seg som ho vil!

 

Det er så banalt at ein mest ikkje skulle tru det, men det har altså vore ein debatt om kjolevala til Marit Bjørgen og Charlotte Kalla har gjort at dei har vist for mykje musklar på årets idrettsgallaer.

Bloggaren Gunda Djupvik, som eg set svært høgt, skriv til dømes:

For lite tid til shopping? For dårlege rådgjevarar? Manglande estetisk sans? […] Desse langrennsjentene stiller opp på idrettsgalla, og har på seg kjolar som blottar enorme skulder- og armmusklar. […] Og ein eller annan plass på vegen har det gått gale både for Kalla og Bjørgen. Det burde vere mogeleg å finne kjolar som sit betre og som passar betre til desse jentene.

Utgangspunktet ser ut til å vera at store armmusklar ikkje passar seg for damer. Og det er i alle fall ikkje noko ein skal vera stolt over og ynskja å visa fram, men skjula. Eg trur jentene såg seg i spegelen og tenkte at dei såg bra ut, at dei fekk framheva armane dei har arbeidd så hardt for. Og eg vil tru Marit Bjørgen har valt ein asymmetrisk kjole for å gjera overkroppen smalare.

Eg likte bileta av Marit Bjørgen frå idrettsgallaen. Og eg håper mange små jenter ser dei og får lyst til å trena seg til like sterke armar som dei vi fekk sjå der. Det er for mange puseideal for jenter som det er.

16.01.2012

Venstrekikking: Er DDR framleis ein arbeidarstat?

 

Ein skulle tru at spørsmålet burde vore om DDR nokonsinne var ein arbeidarstat. Eg kjenner smarte folk som argumenterer godt for det synet. Noko særare er det med dei som hevdar at Aust-Tyskland framleis er ein arbeidarstat – i 2012!

Partiet Socialist Workers’ Party i USA hevdar det. Dei meiner også at ein ikkje skal gje NATO rett ved å omtala statane på Balkan som delar av det ‘tidlegare Jugoslavia’. Bakgrunnen for dette er ei dogmatisk forståing av noko Trotskijsa om Sovjetunionen på trettitalet. Han meinte at det måtte ein væpna revolusjon til for å gjera om på vinstene arbeidarklassen fekk med oktoberrevolusjonen, slik at Sovjetunionen framleis var ein arbeidarstat med Stalin ved leiinga.

Ettersom det ikkje var nokre valdelege revolusjonar i Jugoslavia, DDR eller mesteparten av dei såkalte sosialstiske statane er dei framleis arbeidarstatar.

Som ein tysk ven av meg sa: “Jippi – eg bur i ein arbeidarstat. Kven skulle trudd det?”

Økoturistar på menneskesafari?

 

Andaman- og Nicobar-øyane ligg i Indiahavet. Det bur omlag 350 000 menneske der, og ein liten del av desse er mellom dei siste ukontakta folka på jorda.

I 1997 tok jarawa-folket kontaktmed omverda. No er dei i nyhenda i India og Storbritannia. Bakgrunnen er at det har dukka opp ein video der ein politimann krev at jarawakvinner skal dansa for turistar. Det er uvisst kva tid filmen er frå, men truleg dei siste ar åra.

Jarawa-folket og dei andre urfolka i området er blant dei få som aldri har funne ut korleis ein skal starta eld. Dei har teke vare på glør etter lynnedslag for å tenna bål. Dei har soleis lært seg å dansa for turistar før dei lærte seg å temma elden.

Det går ein motorveg rett gjennom området jarawaene bur, og turistar mutar politiet for å få kontakt med urfolka.

For meg er dette eit eksempel på korleis kapitalismen reduserer alt menneskeleg til varer. Frå dette folkeslaget fekk kontakt med det moderne samfunnet gjekk det ikkje lang tid til det vart funne ein måte å tena pengar på dei.

Andamanøyane vert marknadsførde som ein økoturistdestinasjon. Eg lurer på kor mange turistar med reint økomedvit som har kasta småkaker til jarawakvinner for at dei skal dansa.