13.02.2012

VG gjer narr av desperate indianarar

 

VG samanliknar eit søksmål i USA mot alkoholindustrien frå indianarar med festlege søksmål vi har høyrt om før, han som saksøkte renseriet som rota bort dressen hans og ho som saksøkte McDonalds for å ha for varm kaffi.

Det er to ting som er gale med dette. For det fyrste, alkoholismen på indianarreservat er eit ålvorleg problem, og alkoholindustrien tener gode pengar på smuglinga som skjer. VG ser fyrt og fremst på dette som ei utruleg historie – URLen er http://www.vg.no/nyheter/utrolige-historier/artikkel.php?artid=10043488. Tenk at nokon ikkje berre tykkjer alkohol er festleg og moro og eit glas vin kvar dag vert du frisk av og her er øltest og det er godt med eit glas vin til maten og alle reglar som prøver å regulera alkoholbruk er Heia Norge med nissluva ned i augo. Utruleg, ikkje sant?

For det andre. Eg såg nyleg ein dokumentar som heiter Hot Coffee.

Eg tykte kanskje premisset i filmen var for einsidig positivt til søksmål som strategi for rettferd, men etter å ha lese korleis VG nyttar kaffirettsaka for å låttleggjera Oglala Siouxane er det meir tydeleg at filmen også har rett. Dømet med den varme kaffien vert nytta for å avgrensa høvet folk har til å gå til sak mot selskap.

Eg har ikkje sett meg nok inn i dei juridiske spørsmåla her. Det erlikevel klårt for meg at den desperasjonen dei kjenner i PIne Ridge fortener å møtest med meir respekt enn VGs hånflir.

09.02.2012

Eg, ein trendsetjar

 

Eg ser at oppatttakinga av blogginga har skapt ein ny trend av revitalisering i bloggverda:

Omkøyring, ny veg

Eg har følgt dømet frå Magnus og byrja å blogga att. For å få eit reint «brot» med den gamle bloggen har eg oppretta ein ny, Attersyn.

Sjå der! Dette går vegen!

08.02.2012

Venstrekikking: trotskistisk incestdikt

 

På ytre venstreside i Noreg er vi vane med at partileiarar og andre leiande kameratar som gjev ut dikt og romanar. Det er ikkje like vanleg i andre land, men i Storbritannia har Alliance for Worker’s Liberty nyleg gjeve ut ei samling vers av leiestjerna deira, Sean Matgamna. Eg skumma gjennom boka, og kom over dette diktet:

OEDIPUS REGRETS
Oh, Mum, Mum,
I did you wrong;

Mum, Mum:
You didn't cum!

Eg veit ikkje heilt korleis ein skal kommentera det…

Nytt norsk filmtidsskrift!

 

Eg var ganske opprømt då eg såg at det skulle koma eit nytt norsk filmtidsskrift som vedlegg til Klassekampen. I dag låg det på trammen, Cinema. Eg kjenner eg er litt skuffa. Den fyrste innhaldssida er presentasjon av tre personar i film-Noreg som har skifta jobb. Det framstår svært internt, meir som eit medlemsblad enn som filmavis. Slikt kunne ein eventuelt hatt lenger bak i avisa. Intervjua med skodespelarar og regissørar bladde eg like for forbi som eg gjer i andre filmblad. Fyrst på side 16 byrja eg å lesa. Det var ein svært spanande sak om dokumentarfilmen Ambassadøren. Så var det nokre fleire intervju, og ein litt keisam artikkel om undergrunnsfilm i Kina. Filmmeldingane var rotete sett opp, ettersom hovudfodet var vanskeleg å sjå tittelen på filmane som vart melde. Og det var omtrent umogleg å finna originaltittelen. Eg kjenner til The Ides of March, men Maktens menn var ukjend for meg. I meldingane av DVD og Blu-Ray saknar eg informasjon om kvaliteten på overføringane, spesielt på nyutgjevingar.

Og så var det plutseleg over… og då ser eg at nokre av sakene eg på førehand hadde gleda meg til å lesa berre er i magasinet Cinema, medan eg les avisa Cinema. Det var kjipt. Det fristar ikkje å kjøpa eit magasin der eg har lese halvparten frå før…

Eg bladde tilbake og las intervjuet med Petter Næss og Stig Henrik Hoff, og det var vel verdt å lesa. Persbrandt, Clooney, van Zandt – ingen av dei sa noko eg kan hugsa no eit par timar etter at eg las det.

Eg skulle gjerne ha lese artiklane om religiøse sekter på film, State of the Union, om Nokas og Tvillingene. Så, eg ender vel opp med å kjøpa ein dag.

18.01.2012

La Marit få kle seg som ho vil!

 

Det er så banalt at ein mest ikkje skulle tru det, men det har altså vore ein debatt om kjolevala til Marit Bjørgen og Charlotte Kalla har gjort at dei har vist for mykje musklar på årets idrettsgallaer.

Bloggaren Gunda Djupvik, som eg set svært høgt, skriv til dømes:

For lite tid til shopping? For dårlege rådgjevarar? Manglande estetisk sans? […] Desse langrennsjentene stiller opp på idrettsgalla, og har på seg kjolar som blottar enorme skulder- og armmusklar. […] Og ein eller annan plass på vegen har det gått gale både for Kalla og Bjørgen. Det burde vere mogeleg å finne kjolar som sit betre og som passar betre til desse jentene.

Utgangspunktet ser ut til å vera at store armmusklar ikkje passar seg for damer. Og det er i alle fall ikkje noko ein skal vera stolt over og ynskja å visa fram, men skjula. Eg trur jentene såg seg i spegelen og tenkte at dei såg bra ut, at dei fekk framheva armane dei har arbeidd så hardt for. Og eg vil tru Marit Bjørgen har valt ein asymmetrisk kjole for å gjera overkroppen smalare.

Eg likte bileta av Marit Bjørgen frå idrettsgallaen. Og eg håper mange små jenter ser dei og får lyst til å trena seg til like sterke armar som dei vi fekk sjå der. Det er for mange puseideal for jenter som det er.

16.01.2012

Venstrekikking: Er DDR framleis ein arbeidarstat?

 

Ein skulle tru at spørsmålet burde vore om DDR nokonsinne var ein arbeidarstat. Eg kjenner smarte folk som argumenterer godt for det synet. Noko særare er det med dei som hevdar at Aust-Tyskland framleis er ein arbeidarstat – i 2012!

Partiet Socialist Workers’ Party i USA hevdar det. Dei meiner også at ein ikkje skal gje NATO rett ved å omtala statane på Balkan som delar av det ‘tidlegare Jugoslavia’. Bakgrunnen for dette er ei dogmatisk forståing av noko Trotskijsa om Sovjetunionen på trettitalet. Han meinte at det måtte ein væpna revolusjon til for å gjera om på vinstene arbeidarklassen fekk med oktoberrevolusjonen, slik at Sovjetunionen framleis var ein arbeidarstat med Stalin ved leiinga.

Ettersom det ikkje var nokre valdelege revolusjonar i Jugoslavia, DDR eller mesteparten av dei såkalte sosialstiske statane er dei framleis arbeidarstatar.

Som ein tysk ven av meg sa: “Jippi – eg bur i ein arbeidarstat. Kven skulle trudd det?”

Økoturistar på menneskesafari?

 

Andaman- og Nicobar-øyane ligg i Indiahavet. Det bur omlag 350 000 menneske der, og ein liten del av desse er mellom dei siste ukontakta folka på jorda.

I 1997 tok jarawa-folket kontaktmed omverda. No er dei i nyhenda i India og Storbritannia. Bakgrunnen er at det har dukka opp ein video der ein politimann krev at jarawakvinner skal dansa for turistar. Det er uvisst kva tid filmen er frå, men truleg dei siste ar åra.

Jarawa-folket og dei andre urfolka i området er blant dei få som aldri har funne ut korleis ein skal starta eld. Dei har teke vare på glør etter lynnedslag for å tenna bål. Dei har soleis lært seg å dansa for turistar før dei lærte seg å temma elden.

Det går ein motorveg rett gjennom området jarawaene bur, og turistar mutar politiet for å få kontakt med urfolka.

For meg er dette eit eksempel på korleis kapitalismen reduserer alt menneskeleg til varer. Frå dette folkeslaget fekk kontakt med det moderne samfunnet gjekk det ikkje lang tid til det vart funne ein måte å tena pengar på dei.

Andamanøyane vert marknadsførde som ein økoturistdestinasjon. Eg lurer på kor mange turistar med reint økomedvit som har kasta småkaker til jarawakvinner for at dei skal dansa.

12.01.2012

Spådomar


Side3 har ein artikkel om spådomar John Elfreth Watkins gjorde i 1900, og som er publiserte her. Spådommar er vel ikkje det rette ordet. Etter det Watkins sjølv skriv bad han vitskapsfolk og andre lærde om å skriva fram tendensar i sine eigne fagområde hundre år. Med andre ord, han bad om hjelp til å skriva science fiction. Dette vert presentert som “Klarsyn” i Side 3. Vi vil vel ikkje kalla Jules Verne klårsynt, sjølv om han såg føre seg kor Kennedy Space Center kom til å liggja.
I artikkelen går uttrykk som “skremmende nøyaktighet forutså John Elfreth Watkins nåtiden” og “traff blink på skummelt mange punkter” igjen. Ut frå det eg les ser Watkins ut til å ha vore god til å sjå på samtida si og gissa seg fram til korleis utviklinga vill gå vidare. Watkins ser at ein kan overføra fotografi over korte avstandar. Det er dimed ikkje usannsynleg at ein om hundre å kan overføra fotografi frå Kina på under ein time. Legg merke til at han etter det eg kan sjå ikkje nemner datamaskinar, men ser for seg at dåverande teknologi som kamera, telefon og fonograf vert knytt saman i eit verdsfemnande nettverk.
Det er ikkje rart om ein trudde at USA skulle utvida seg med Nicaragua og Mexico i 1900. USA hadde ekspandert valdsamt det føregåande hundreåret, og ei framskriving av den tendensen ville vore at Mellom-Amerika vart del av USA. Det ville kanskje vore ein betre spådom å seia at etter anneksjonen av Hawaii aukar ikkje territoriet til USA nemneverdig. Då hadde Watkins peika på noko som var i strid med utviklinga elles.
Artikkelen i Side3 (og originalen til BBC) gjer eit stort poeng ut av at han spådde at tog ville koma opp i 240 km/t, og at togruta mellom Boston og Washington DC som opna i 2000 hadde den farta. Her grip journailistane fatt i vilkårlege fakta for å framstilla saka meir ‘skummel’. Eksakt hundre år etter ein artikkel opnar ei tilfeldig togrute med ein hastigheit som har vore nådd mange år før på andre strekningar. Og Watkins føresåg ikkje dei verkeleg raske toga! DIverre tok han feil i at togreisa mellom New York og San Francisco skulle ta 36 timar. Ein må nok rekna med det dobbelte.
Spådommane til Watkins er artige eksempel på kor gale ein kan koma ut om ein freister å nytta vitskap til å føreseia framtida. Dei er berre skremmande om ein trur at Watkins hadde overnaturlege krefter, og om ein samstundes overser at han bomma i dei fleste av spådommane sine. Watkins hevdar som sagt ingen stad at han er klårsynt. Det er det Side3 som gjer.

Oppdatering: Side3 har endra "Klarsynt" til "Traff blink". Det var ei god korrigering.

11.01.2012

Venstretitting

 

I årevis har eg drive med hobbyen venstretitting, altså fugletitting med venstresida som objekt. Epostlista Leftist Trainspotters har vore boltreplassen for denne fritidssysselen. Då eg starta opp lista rekna eg med å få nokre titals medlemer. Det er vorte 1730… og dei har posta 117171 innlegg til no. Lista er samanlikna med ein pøbb etter ein demonstrasjon eller eit møte. Det er ikkje ein plass for dei verkeleg seriøse ordskifta, eller for å forsøka å overtala einannan til å skifta standpunkt. Det er ei liste for sladring og babling. Innimellom hender det jo at folk faktisk skiftar meining etter ting som vert sagt der, men det kan vi nok telja på ei hand.

I utgangspunktet er det ikkje lov til å vidaresenda meldingar frå lista til andre. Eg kjem ikkje til å publisera noko som er skrive for lista her. Det eg kjem til å gjera er å fortelja gode venstresidehistorier. Den fyrste kjem vonleg alt i kveld, om eg får lagt vesla.

Det skulle vore tiårsjubileum

Eg byrja blogga i januar 2002. Då var det ikkje fleire bloggar i Noreg enn at Bjørn Stærk kunne føra eit fullt oversyn over alle norske bloggar. Då han avslutta registreringa var det berre litt over tretti bloggar på lista hans.

Eg blogga ganske mykje det fyrste året, med i snitt eitt innlegg om dagen. Sidan gjekk det i bylgjer fram til eg gav heilt opp i 2008. Facebook og andre sosiale media tok over for mykje av det eg dreiv med, korte kommentarar til saker eg elnkja vidare til. Det var også slik at eg aldri heilt kjende meg heime i bloggsfæren eller bloggmiljøet, og i alle fall ikkje etter kvart som blogg vart synonymt med blond fjortis i det offentlege medvitet.

No, ti år etter at eg fyrste gong laga blogg, fekk eg lyst til å prøva på nytt. Vi får sjå korleis det går.