13.02.2012

VG gjer narr av desperate indianarar

 

VG samanliknar eit søksmål i USA mot alkoholindustrien frå indianarar med festlege søksmål vi har høyrt om før, han som saksøkte renseriet som rota bort dressen hans og ho som saksøkte McDonalds for å ha for varm kaffi.

Det er to ting som er gale med dette. For det fyrste, alkoholismen på indianarreservat er eit ålvorleg problem, og alkoholindustrien tener gode pengar på smuglinga som skjer. VG ser fyrt og fremst på dette som ei utruleg historie – URLen er http://www.vg.no/nyheter/utrolige-historier/artikkel.php?artid=10043488. Tenk at nokon ikkje berre tykkjer alkohol er festleg og moro og eit glas vin kvar dag vert du frisk av og her er øltest og det er godt med eit glas vin til maten og alle reglar som prøver å regulera alkoholbruk er Heia Norge med nissluva ned i augo. Utruleg, ikkje sant?

For det andre. Eg såg nyleg ein dokumentar som heiter Hot Coffee.

Eg tykte kanskje premisset i filmen var for einsidig positivt til søksmål som strategi for rettferd, men etter å ha lese korleis VG nyttar kaffirettsaka for å låttleggjera Oglala Siouxane er det meir tydeleg at filmen også har rett. Dømet med den varme kaffien vert nytta for å avgrensa høvet folk har til å gå til sak mot selskap.

Eg har ikkje sett meg nok inn i dei juridiske spørsmåla her. Det erlikevel klårt for meg at den desperasjonen dei kjenner i PIne Ridge fortener å møtest med meir respekt enn VGs hånflir.