16.11.2006

Y: the Last Man

Og ikkje nok med Transmetropolitan.. Her finn de det fyrste heftet i serien Y: the Last Man, som er favoritteikneserien min for tida. Den handlar om at noko utryddar alle mannlege dyr og menneske, og om korleis verda vert sjåande ut då... Last ned http://www.dccomics.com/graphic_novels/?gn=1736

Fleire gratis teikneseriehefte:
DC Comics

Gratis Transmetropolitan


Har du lurt på kor biletet Elvis Bling Laden bruker kjem frå? Det er frå den fantastiske teikneserien Tranmetrolpolitan. DC Comics har no lagt ut det fyrste heftet til fri nedlasting.

Google med nyhendesøk på norsk

Eg bruker Google News mykje, men for norske artiklar må eg bruka nyhenmdesøket på sesam.no. Det er eit godt alternativ, spesielt på grunn av at dei har arkivert artiklar frå papirutgåvene tilbake på åttitalet. Og til no ser det berre ut til at nyhendesøket berre er tilgjengeleg på bokmålsversjonen av Google. Det er dumt, ettersom det nok vil føra til at folk vil gå over til bokmålsutgåva.

Men det dummaste er neste Mediebedriftenes Landsforening, som meiner dette er eit åtak på norske nettaviser. Altså, dei burde vera lukkelege over at folk får ein inngang til artiklane deira. Og det er veldig enkelt å reservera seg mot å verta indeksert av Google, det er berre å endra robots.txt-fila. Om dei store avisene gjorde dette ville småavisene sleppa lettare til. Klassekampen ville kunne koma betre fram i mediebiletet. Eller... Klassekampen vil ikkje delta på internett, anna enn med fire utvalde artiklar. Det at dei heller ikkje har ei RSS-mating av desse fire artiklane gjer at dei ramlar ut av medievanane til mange.

14.11.2006

Kjell Lars Berge i 1976

Nokre få av lesarane av bloggen vil setje pris på dette biletet. Kjell Lars Berge heilt nedst til høgre, på eit klassebilete frå Katta.

17.10.2006

Politisk identitet II

Elvis Bling har også identifisert seg politisk. Eg ser han også har Goffen med som inspirerande enkeltperson. Ein dag må nokon skriva historia om ungdomsskulelaget.

16.10.2006

Politisk identitet...

Brage utfordra meg til å svara på nokre spørsmål... Spørsmåla står på bokmål.

1) Politisk ideologi du forfekter?

Eg kjenner ikkje at det er rett å kalla det "ein ideologi". Eg er kommunist, antiimperialist, kan godt kalla meg maoist. Kva meining det gjev er eg ikkje sikker på. eg meiner mykje som ikkje høver med kva mange meiner er innhaldet i desse tankeretningane.


2) Politisk ideologi du forakter mest?


Eg ser at mange svarar sosialdemokratiet her... Det tykkjer eg er tåpeleg. Sosialdemokratiet, og utsuginga av folk i tredje verda, har gjort den norske arbeidarklassen til den mest nøgde i heile verda. Levestandarden - og livskvaliteten også - er utan sidestykke. Det er sjølvsagt mykje gale med sosialdemokratiet, men eg meiner verkeleg ikkje at det er det eg foraktar mest.

Eg må vera så keisam at eg seier fascismen.

3) Materialist eller idealist?

Beinhard materialist. Vonar eg.

4) Plikt- eller konsekvensetikk i politikken?

Eg er vorte kalla sinnelagsetikar, som eg forstod slik at ein gjer det ein meiner er riktig, sjølv om det kan ha uheldige konsekvensar. Tilgje meg om eg ikkje har alle desse etikkvariantane klårt for meg.

5) Politisk oppvåkning?

Det var i ung alder. Eg vart tidleg veldig arg på rasisme og rasistiske overgrep. Eg var også oppvaksen med politikk rundt meg, så det var ikkje vanskeleg å verta aktiv. Det første eg gjorde politisk var å selja blomar og anna på gata til SOS Rasisme, trur eg det var. Då var eg vel 11 år gamal. Eg vart aktiv i Unge Pionerer i den alderen, men melde meg inn i Raud Ungdom då eg var 13.


6) Politisk detour?


Eg rekna meg som venstreliberalist ein gong i tida, og mange av haldningane mine er påverka av det framleis.


7) Enkeltperson som påvirket deg politisk?


Bestemor. Goffen og alle eg arbeidde med i ungdomsskolelaget i Raud Ungdom.

8) Bok som påvirket deg mest politisk?

Skriftställningarna til Jan Myrdal.

9) Største bristen i den politiske ideologi du forfekter?

Ein seier at ein vil at folket skal styra, men klarar ikkje å overtyda folket om korleis dei burde gjera det.

10) Viktigste politiske enkeltsak?


Kampen mot imperialismen. Og det tyder ikkje berre å vera i mot George Bush.

Dei som kjenner seg kalla kan svara på spørsmåla.

TV

Eg har funne ut at eg liker gode tv-seriar betre enn filmar. Tv-serier fortal gjerne ei historie ferdig på ein time, samstundes som dei har underliggjande plott som varer lenger enn det. Av dei seriane som går på norske kanalar ser eg for tida på Rome, Presidenten og dei diverse byutgåvene av CSI, pluss Entourage på svensk tv. Det er berre Rome eg *må* få med meg. I det siste har eg innsett at det er mogleg å fylgja med på tv via ymse vis på internett. Eg vil tilrå folk å sjå Studio 60 on the Sunset strip og Heroes. Studio 60 er laga av dei same folka som stod bakom Presidenten, og handlar om folk som løper frå møte til møte medan dei snakkar med kvarandre. Dei er vittige, vakre og veltalande. Men no lagar dei ikkje politikk, men skriv vitsar. Handlinga er frå eit tv-show som liknar veldig på Saturday Night Live. Om du liker Presidenten vil du lika denne serien, serleg ettersom du ikkje vert lurt til å heia på demokratane.

Ei anna serie det er verdt å få med seg er Heroes. Det er ei serie om mutantar som sakte men sikkert oppdagar superkreftene sine. Eg liker den veldig godt. Om du liker X-men og superheltar må du sjå denne serien.

28.09.2006

Kvil i fred, Lompa

Lompa stengjer på laurdag.

Der har eg lagt att mange kroner, sjølv om eg trur den førre bursdagen min er sist gong eg var der. No skal det verta lyst og hipt, og etter det som står i Aftenposten verkar det ikkje som om dei skal ta vare på veggmåleria. Det er veldig trist.

Eg har tenkt meg ein tur dit i morgon - eg oppmoder alle om å ta ein siste øl på Lompa!

05.09.2006

Eg vann!

Eg har vunne ein pyramide med gullstøv. Eg fann nemleg ut kva "Mani lever!" refererer til

Og for å halda fram kjønnsdebatten: eg trur skafott er inkjekjønn, ikkje hankjønn, Mani.

18.08.2006

Ein fånyttes boikott

Vårt eige livstilsultravenstre, Erik, Brage og Mani vil boikotta bloggen min ettersom Google plukkar fram ordet Israel som eit ord lesarane av denne bloggen kanskje vil sjå annonsar om. Eg veit at dei ikkje klarar å halda seg unna, serleg ettersom eg kjem til å nemna namna deira støtt og stadig framover. Dei vil at eg skal gje pengane eg får inn til våpen til Hizbollah. Vel, ikkje meg i mot. Gje meg eit kontonummer, berre. Eg anar ikkje korleis eg skal få vita at pengane har gått til våpen og ikkje til mat, medisinar og nye hus, då.

Boikotten fungerer dårleg til no, det har korkje vore fleire eller færre vitjarar enn vanleg, men eg har fått meir pengar på google-annonsen enn tidlegare.

16.08.2006

Lister

Erik K har laga nokre veldig fine lister, han har faktisk laga ein blogg med berre lister!
Her er eit par gode:
Politiske drinkar
Gode matkombinasjonar

15.08.2006

Baosj

Den svenske snuten vil nå fram til forstadsungdomen, og har malt ein bil med kallenamnet "aina":

<
Ein kan lesa meir om dette i Metro.
Eg ser ikkje for meg at oslopolitiet døper om bilane sine med "baosj", og det er kanskje like greitt.

09.08.2006

Vålerenga Cricket Club

I dag speler Noreg finale i cricket mot Jersey. Det vert spanande å sjå om Noreg kjem opp i andre divisjon. Eg har tenkt lenge at Vålerenga burde ha ei cricketavdeling, og ved eit reint tilfell fann eg ut at det alt er ein klubb som kallar seg Vålerenga Cricket Club.

Eg voner dei kan verta ein del av Vålerengens Idrettsforening. Det ville vore bra for cricketidretten, for interessa blant nordmenn, for å få fleire med innvandrarbakgrunn interesserte i Vålerenga.

Kanskje eg tilogmed kjem meg på ein kamp med VCC...

08.08.2006

Ambri



Det sveitsiske hockeylaget Ambri har ein liten, varm plass i mitt hjarta. Ambri er ein liten landsby i Sveits, med nokre få hundre ibuarar. Likevel har dei eit hockeylag med mange tusen tilskodarar, og som har vore i dei to øvste divisjonane i sveitstisk hockey sidan grunnleggjinga av klubben i 1937.

Eg nemner klubben i dag fordi supportarane hadde opp eit banner med støtte til Palestina og Libanon i ein treningskamp på laurdag som var.

Supportarar frå Ambri var også på laget eg spelte på i Mondiali Antirazzisti, og jammen var ikkje to av dei med på kampen mot Mlada Boleslav i Tsjekkia.

07.08.2006

Det nordiske biblioteket i Frankrike

Dette hadde eg aldri høyrt om før. Den største samlinga av nordiske bøker utanfor norden er i eit bibliotek i Paris.
Og dei veit korleios dei skal lokka besøkande - i opplistinga av brukarar avsluttar dei med:
jeunes filles au pair qui viennent y chercher le dernier roman paru.
(Unge au pair-jenter som leiter etter dei nyaste romanane.)

24.07.2006

Bilete frå antirastistisk VM i Montecchio, Italia

(Blogger slit litt med å visa bilete nett no, skal fiksa opp posten seinare.)

Her er plassen eg sov, det er bagasjen min som ligg midt på biletet.

Dette er laget eg spelte på, Rabiosos frå Lausanne.

Her kan du sjå fleire bilete:
Süd-Zecken (St. Pauli)
Rabiosos, FC Lausanne
Ultrá St. Pauli
Blödes Volk (St. Pauli)

Løgn og hykleri

Stadig er det folk som seier at den store skilnaden på Israel og motstandarane deira er at israel ikkje medvite går til åtak på sivile. At dei slepp undan med slike påstandar er vanskeleg å fatta. Forsvars(?)sjefen i Israel, general Dan Halutz seier det slik: - For hver rakett Hizballah avfyrer mot Israels tredje største by, kommer vi til å bombe ti bolighus i Beirut.

NTB kan melda om Israelsk angrep mot Røde Kors-ambulanser

Trur nokon at dette kjem til å endra oppfatningane eller propagandaen frå Israel-venene?

21.07.2006

Ting eg har lært I

Dette er ting eg har lært på den siste reisa mi til Italia.

1) Det er dumt å ikkje ha PIN-koden til VISA-kortet sitt, særleg når det ikkje går an å¨bruka vanleg postbankkort i utanlandske bankautomatar lenger.
2) Det er dumt å bruka opp det mykje av det lille ein har av EURO på snus i Sverige.
3) Western Union er utroleg raske til å overføra pengar om ein har ei snill mor som kan ordna opp.
4) Italienske bankar er svært lite samarbeidsviljuge. (Dette visste eg frå før, men lærte leksa på nytt.)
5) Søndag ettermiddag i Livorno same kveld som Italia spelar finale i fotball-VM er ikkje noko tidspunkt å leita etter ein stad å eta eller sjå fotball. I praksis var alt stengt. Eg såg VM-finalen med innehavaren av ein kaffebar, kona hans, ein fyllik, ein prostituert og ein ti år gamal kinesisk gut som stappa i seg potetgull. På ein hytte-TV. I tillegg tok sjølvsagt ikkje innehavaren VISA, så eg måtte tigga til meg ein øl for dei siste EURO-myntane eg hadde.
6) Italienarar elskar å råkøyra på moped. Eigentleg ikkje nytt det heller, men det var moro å oppleva det når dei feira VM-gullet.
7) Ein bruker mykje meir pengar på vatrn og internettkafear enn ein skulle tru før ein legg ut på ei reise.
8) Stol aldri på italienske bussjåførar som seier 'ja' når du spør om bussen går dit du skal.
9) Du kan ikkje stola på nummeret på bussen eller på rutetabellen heller.
10) Det er mogleg å pruta på hotellrom. Eg fekk eit rom som kosta 100 E for 60 E berre ved å løfta opp bagasjen min for å gå. Eg skulle nok ha pruta meir.
11) Det er deileg å riesa åleine. Ein kan gå så lenge ein vil i gatene, ein kan eta kor ein vil, ein kan ta ein siesta når ein vil. Lange togturar kan ien bruka på å lesa eller å snakka med medpassasjerar.
12) Det er vanskeleg å snakka med kvite pensjonistar frå Sør-Afrika. Eller, dei var venlege og hyggelege, men eg angra veldig på at eg sa at sørafrikanske Mbulele Mabizela på Vålerenga var udisiplinert og lat før han kom til Enga. "Ja du veit, det er slik dei er, det."
13) Eg klarer ikkje drita på dassar som berre er eit hol i golvet. Det gjer nok store delar av verda utilgjengeleg for meg. Det er mogleg det går betre på dassar som ikkje pissa og drite ned av fulle fotballsupportarar.
14) I Italai sel dei 95% sprit på supermarknaden i fem-litersdunkar.

Lenin-statue observert


Ok, så var det meir som ein byste då. Men den stod på eit torg i den vesle byen Cavriago i provinsen Reggio-Emilia i Italia. Og i Italia finst det berre to Lenin-statuar, i alle fall i fylgje denne lista. Bakgrunnen for at Cavriago har ein Lenin-statue er at dei i 1920 eller deromkring valde Lenin til æres-ordførar. Så fekk dei ei byste frå SUKP(b) som takk. I 1970, hundreåret for at Lenin vart fødd, sette dei bysta opp på torget der han står no, med ny plakett og greier. Eg var der med fotballsupportarar frå tyske St. Pauli og italienske Civitanova.

Tankar om Libanon og det der

Mani og Tarjei skriv tankevekkjande om stoda no.

05.07.2006

Reisa til Narnia

I kveld reiser eg... Fyrst til Göteborg, så til København, Hamburg, Roma - og så er eg framme i Narni for å sjå Los Fastidios fredag kveld. Narni er staden der C. S. Lewis tok namnet til Narnia frå, faktisk.

Etter dette går ferda vidare til andre stader i Italia, og kanskje andre stader også...

30.06.2006

Ting å gleda seg over

Inspirert av Eva Marie og Ragnhild, her kjem ei liste over ti ting eg gleder meg over.
1. Det er berre kampar ein ikkje kan gå glipp av igjen i VM.
2. Det har vore nokre fantastiske sumarkvelder i det siste.
3. Eg fekk svar på kven det er som legg ut brødskiver på Grønland torg, like ved Meny. Ein dag regna det brødskiver rundt meg, og då såg at ein gamal gubbe stod på taket og kasta ut brødskiver. No står det att og finna ut kvifor.
4. Eg skal hit, hit og hit i juli.
5. På Grønland er det nokre som har fiksa opp eit hus som har stått tomt lenge, og det vert grønt. Det liker eg.
6. I går fekk eg stadfesta fordommane mine mot USAmerikanarar. Eg orkar ikkje gje att heile diskusjonen, men det som skjedde var at ein amerikansk ryggsekkturist spurde om å få sitja ved eit bord der eg og ein fransk kamerat sat og drakk rådyrt belgisk øl . Det fekk han lov til, men reagerte umiddelbart på Che Guevara-tskjorta mi. Han spurde om eg var kommunist, noko eg svarte ja på. då vart han spinnvill og kalt meg gal, og sa at i USA drep dei slike som meg. Eg sa at han hadde bede om å få sitja ved bordet, og no fekk han oppføra seg eller gå. Då meinte han at eg  var mot ytringsfridom... Vel, han var innom at USA redda Noreg og Frankrike under krigen og at eg var idiot som ikje hadde pengar som målestokk for lukke. Han stakk då vi byrja å le av den utruleg stereotype oppførselen hans. Men det var ikkje alt. No kom sjølvsagt ein hjartablødande liberalar som også var frå USA bort til oss og skulle fortelja kor trist han tykte det var med landsmannen sin nettopp hadde gått. Og så lang tid det tok... Så, eg kunne gleda meg over å møta to stereotypar av kvite USAmerikanarar i levande live.
7. Eg vann eit gåvekort på 200 kroner i Sommerquiz på TV2. Ikkje akkurat dei 10 000 eg hadde håpa på, men likevel noko å gleda seg over.
8. Eg har fått billeg overnatting i Praha, med tilhengarar av kluibben FC Bohemians.
9. Eg skal snart ta av meg gipsen på armen.
10. Eg har endeleg skrive litt på bloggen min.

Nekta å køyra VIF-brød

Utruleg... Ein brødbilsjåfør nekta å køyra ut Vålerenga-brød

Han meinte han vart psykisk sjuk av å køyra ut varene.
Les meir i Fri Fagbevegelse

25.06.2006

Godzilla mot Mothra, ei filmmelding

This was a great movie for kids--very scary and done with the equivalent
of erector sets--no need for great capitalist wealth.
Produced dialectically by nuclear weapons testing and other pollution,
the monster character Godzilla
and The Thing (Mothra) defeat the combined U.$. and Japanese
imperialist militaries before turning to intra-proletarian
struggle.
[...]
So on the whole the movie is ultra-left in depicting two hugely
powerful forces wreaking havoc on imperialism. These forces are
so great that they can afford not to be united at the end of the
movie. Thus we blame the director of Godzilla for an overly
optimistic view. Despite our criticism, there is more proletarian
ideology in Godzilla than Michael Moore and all of Amerika's combined
union so-called struggles.
Det er ikkje eg som har skrive meldinga, men ein medarbeidar i Maoist Internationalist Movement.

22.06.2006

Velkommen (?) til Lier

Transittsenteret dei eks-sveltestreikande afganarane skal til har ei noko uferdig nettside
Mange godbiter der:
"Mottaket ligger usjenert til (dvs øde) på Lierskogen, langt fra de fleste steder."
"Pr 29. april har vi ca 26 beboere og øker ujevnt og trutt. "
"Kontakt oss (hvis du har lite å gjøre...)"
"
Sjekk vasking på brakker. Har du ikke tømt søppel tidligere, så gjør det ihvertfall nå!"



Oppdatering:
Meir om nettsida frå SOS Rasisme:
Redegjørelse fra Lier mottak
Pressemelding fra SOS Rasisme: Afghanerne vil bli behandla som dyr
Pressemelding: Tillegg til tidligere pressemelding ang. Lier asylmottak
Aftenposten: Beboere på asylmottak kalt «buskap»

21.06.2006

UPS!

Her har det ikkje skjedd stort...

Sidan sist har eg laga meg ein profil på fjortisplassen MySpace.

01.06.2006

Velfortent sjølvskryt

Eva Marie skryt av prøveførelesinga si,
Frå Lenin til Stalin: frå revolusjonær marxisme
til byråkratisk sentralisme?
(....eller var det eit brot eller framhald mellom Lenin og Stalin?)
. Eg likte teksten, og eg likte den betre enn artikkelen om det same emnet i Fortid [.pdf].

Det er forresten mykje lesverd i det studenttidskriftet, mellom anna ein artikkel om speidar/pionér-arbeidet til kommunistane på tjuetalet.
Retrosurfing

Ved eit reint tilfelle kom eg over denne lenkja til det svenske tidsskriftet Äcklet. Det var eit tidsskrift eg likte veldig godt då det kom ut i papirutgåve, og nettsida vart oppdatert, kring 1995-96. Har lesarane andre eksempel på nettsider dei likte for rundt rekna ti år sidan?

26.05.2006

Fred Flint

Eg svitsja innom ein Fred Flint-film på tv i går. Då kom eg til å tenkja teiknefilmane eg såg på då eg var liten. Var dei eigentleg noko morosame? Eg kan berre hugsa at eg tykte det var moro med dinosauren som var søppelkvern (eit produkt eg alltid misunte amrikanarar på film), og at alle namna hadde med stein å gjera. Men var det nokonsinne nokre gode poeng eller anna moro i teiknefilmane? Eg trur ikkje det.

25.05.2006

Keisamt frå Skirbekk

Då eg las kronikken til Gunnar Skirbekk i Dag og tid på laurdag sukka eg over kor tåpeleg det er å bruka to sider på å klaga over at folk han ikkje namngjev ikkje seier det same offentleg om islam som dei seier i middagsselskapa. Ikkje siterer han dei direkte heller. Eg tenkte med meg sjølv at det kanskje var slik det ofte er med gamle menn - folk jattar med og seier, jaja, det er sant det, jo, skal vi ta ein knert til, jaja, nei no må eg nok gå. Altså, kanskje dei verkeleg ikkje meiner ting så sterkt som Gunnar seier.

I Klassekampen vart han intervjua om kronikken sin, der han presterer denne flyttinga av målstengene:
Klassekampen: "Mindretallet hjemme kan jo også være i flertall ute. Det er 1,2 milliarder muslimer på verdensbasis. Hvor mange protestanter er det? spør han."

Kva i alle dagar? Det er omtrent like mange katolikkar som sunniar, og fleire protestantar enn sjiar. Og dei ortodokse kristne er langt fleire enn sufiane. Om vi tel kristne og musllimar er det langt fleire kristne. Men ved å dela opp dei kristne syner det seg at det er dobbelt så mange muslimar som protestantar.

Vel. Det som ergrar meg er at Skirbekk skal slå ut mot alle andre som visstnok held kjeft, utan at han kjem med anna enn at "det offentlege ordskiftet, om dei prinsipielle spenningane mellom politisk islam og modernitetens utfordringar, alt i alt er påfallande tamt og tannlaust." Ja, og kva meiner du då?

Fjerning av morsmålsopplæring, kanskje.

24.05.2006

Ibsenåret

Eg innrømmer det gjerne, eg kjenner ikkje Ibsen. Ikkje godt, i alle fall. Eg har sett eitt stykke på Nationalteateret ein gong for lenge sidan. Eg skulle gjerne sett meir. Og så tenkte eg at i år skulle det skje - no skal eg få med meg nokre oppsetjingar. Men det skjer så mykje at eg vert forvirra, og så har eg tenkt at eg ikkje gidd å sjå på rare, moderne tilpasningar, eg vil ha skikkeleg teater, lissom. Det var ikkje lett å forstå kva dei ulike oppsetjingane på ibsen.net er for noko. Kan nokon koma med tilrådingar? Kva bør eg sjå?

Så må eg seia at eg vart ganske provosert over kommentaren til Ingunn Økland i Aftenposten på tysdag:
Feiringen av 100-årsdagen for dikterens død er definitivt mer moderat. Alle som fryktet at Ibsen-året skulle bli en orgie i selvfornøyd nasjonalisme, kan i grunnen puste lettet ut i dag. De viktigste norske bidragene så langt har et klassisk kvalitetsstempel - fra det vitenskapelige verket "Henrik Ibsens skrifter" til Toril Mois ambisiøse nylesning av sentrale skuespill i "Ibsens modernisme". Boken utkommer på Oxford University Press senere i sommer. Den nynorske "Peer Gynt"-oppsetningen regissert av Robert Wilson har fått mer enn 30 nye invitasjoner etter det internasjonale gjennombruddet i New York.


Med andre ord: Ibsen-året er vorte som markeringa av 1905-jubileumet. Moderat, avdempa og med kvalitet for dei få - helst i utlandet. Kanskje det ikkje er så ille som det eg les ut av Øklands kommentar, men det seier i det minste nko om korleis delar av den såkalte kultureliten tenkjer. Og eg vil ikkje ha noko folkeleg, tilgjengeleggjort Ibsen, eg vil berre ha høve til å sjå stykka hans. Gje meg heller orgiar i nasjonalisme enn kulturelitistisk moderasjon.

Her er ein tekst av Ivar Digernes om Ibsenjubileumet i 1956:
Omkring Ibsenjubileet

Og her kan ein lesa Friedrich Engels' klassiske kommentar om Ibsen og skilnaden på norske og tyske bønder:
Engels to Paul Ernst

21.05.2006

Meet the Rebels: Maoist Guerilla of Nepal

Bilete av maoistgeriljaen i Nepal og ei maoisttilknytta kulturgruppe.
Operautsmykking

Jaja, dei diskuterer om det skal vera norsk marmor eller slikt nede i Bjørvika. Meir spanande nett no er graffititevlinga til programvaremakarane Opera. Tiram har alt skrive om det, men no har brukarane på fark.com kome opp med ein del idear.

19.05.2006

Internasjonal merksemd om bursdagen min

Festen var bra, god grillmat, mykje øl og bursdagssong på Lompa. Ikkje rart ein skotsk blogg dokumenterte hendinga.

08.05.2006

Staving

Orsak, Olaug Nilssen. Eg har stava namnet ditt feil i lenkelista til høgre. Men eg får så mange treff på feilskrivinga av namnet ditt at eg let det stå, og så kan eg leia folk rett veg.
Bursdag

Eg har snart bursdag, og har invitert mange av lesarane alt. Dei som ikkje har fått invitasjon på SMS i kveld får kanksje ein på epost, og om du ikkje har fått korkje SMS eller epost så send ein til meg. SMS eller epost, altså.

Folk spør kva eg ønskjer meg, og det er vel ikkje stort... Eg set pris på alt mogleg, eg. Gjerne ei bok du/de tykkjer eg bør lesa. Og teikneseriar... Kanskje noko kult ekstrautstyr til iPoden min, ein 30gb femtegenerasjonsutgåve. Slik som har video. Og som sagt, eg er glad i gåver. MEN: om du ikkje skulle finna på noko, eller kanskje tilogmed ikkje kjenner meg, så hadde eg vorte veldig glad for kvar gåve til Helselaget til Nepal. Dei har alt fått inn 25 000 kroner, og det er halvvegs til målet på 50 000. Du kan gje pengar ved å setja inn på kontonummer 60450915745, adressa er Helselag til Nepal, c/o Johan Petter Andresen, Markveien 18, 0554 Oslo. Meld gjerne frå i kommentarfeltet om du har gjeve ei gåve som fylgje av denne oppmodinga!

06.05.2006

Bøker eg har mista

Eg mista nettopp boka Gangs av Tony Thompson, med berre to, tre kapittel att. Det var ein svært interessant bok om alle sider ved gjengkriminalitet i Storbritannia. Eg kom til å tenkja på andre bøker eg har mista.

I tilfelleleg rekkefylgje...

Tiger Bay av Jon Michelet mista eg i garderoben på Fellesmeieriet i Oslo. Det var ein veldig spanande bok, men eg veit altså ikkje korleis den sluttar.

AKP-kontoret har eg lagt att Dark Light av Ken MacLeod. Den var, som alle bøker eg har lese av MacLeod, vanskeleg å koma inn i, slik at eg ikkje saknar den så veldig. Den er nummer to i ein serie, og den første boka var veldig god. Eg tilrår alle som er glad i politisert vitskaps-fiksjon (heh..) å lesa honom.

Ei bok eg verkeleg saknar er Military art of people's war av General Giap. Den mista eg i ein pose med anna litteratur om geriljakrigføring og folkekrig.

Det var berre nokre eg kom på no. Om nokon skulle finna desse bøkene, legg att ei melding i kommentarfeltet!

02.05.2006

Ja!!! Lucarelli blir i Livorno

Lucarelli: voglio restare a Livorno

Å, no vart eg glad!
Pust, pes

Eg har arbeidd med landsmøtet til Noregs Mållag i det siste, og difor ikkje blogga noko serleg.

Men snart kjem det vel noko nytt her på sida.

22.04.2006

Hurra! Nepalarane er lurare enn meg!

Eg trudde på NRK som sa at Kong Gyanendra gjekk av i går. Det var ikkje heilt slik det var. Men kampen ser ut til å halda fram:

No deal, say people of Nepal as king offers power back

The king's speech is meaningless and of no use," said Laxmi Prasad Khatawada. Around him the crowd chanted: "If our leaders compromise with the king, we will beat them.

Ram Sharan Mahat, speaking for the Congress party, the largest member of the opposition, called the statement "inadequate and ambiguous".

21.04.2006

Hurra! Kongen har gått av!

Kong Gyanendra av Nepal har gått av!

Oppdatering: Eller kanskje ikkje?
United we blog!
The much awaited address by king has only solidified his ambition to remain in power.

In his 5 minute long speech, king has tried to take credit for his direct rule and seems reluctant to give power to the people. He has cited clause 35 of 1990’s constitution and asked SPA leaders to come up with a name of Prime Minister. Until such name is fixed, the king has declared that he is clinging to the power.This is an utter deception. He is not willing to give up the power yet. This is only a cosmetic change and no one should believe in his words.

It is done only to manage the growing international pressure upon him. He should have cited clause 128 by which a powerful PM could be appointed. He is not ready to bring the Maoist in mainstream politics which is the major concern of the people. He should have asked SPA to form an interim government that will eventually hold election for unconditional Constituent Assembly.

19.04.2006

Faen!

Store, flotte Lucarelli på veg til møkkaklubben Inter frå magiske Livorno. Eg kjem aldri til å gløyma deg, og aldri til å gløyma Spinelli som sparka trenaren Donadoni og har vist seg udugeleg i å styra Livorno.

Lucarelli says ‘yes’ to Inter
Nymoralisme

Eller er det nynorsk moralisme? På internett breier umoralen om seg, så det er godt nokon slår eit slag for moralen!

Moralisme
Kva er det eigentleg med fotball?

Ein fin liten post om kva det eigentleg er med dette spelet.

Harry's Place: From Accy to the San Siro

17.04.2006

Om taparkultur, rasisme og fotball

Christian skriv veldig godt om den nye FIFA-regelen som påbyr handhelsing mellom spelarane som ledd i kampen mot rasisme. Sepp Blatter har jo tidlegare gått inn for å spela landskampar utan flagg og nasjonalsongar som del i kampen mot rasisme og nasjonalisme. I tillegg har no Noreg, etter det eg kan forstå, innført ein regel om at lag kan trekkjast i poeng, og i verste fall flyttast ned ein didivisjon, om publikum kjem med rasistiske utrop. Dette er ei noko anna sak enn det Christian nemner, men eg meiner det er fårleg å gjera oppførselen til tilskodarane så avgjerande. Eg meiner det er mykje betre å tvinga klubbane til å spela kampar utan publikum i slike tilfelle. Om det skulle skje at eit lag ikkje vinn serien på grunn av at nokon av tilskodarane har ytra seg rasistisk trur eg ikkje det vert ein god dag for antirasismen. tvert i mot trur eg det vil provosera fram motreaksjonar. I tillegg er eg redd for den stadig aukande overvakinga og kriminaliseringa av supportarane. Og nei, eg liker ikkje rasistiske kommentarar frå pulikum. Eg hatar det. Men eg trur poengtrekk og nedflytting er å gjera antirasismen ei bjørneteneste.

15.04.2006

Lars opnar ballet...
til Radikale bloggarar. Han har skrive ein tekst om radikalisme og liberalisme, og kva det eigentleg tyder.

Radikalisme og liberalisme: Et slags skuespill

Eg er spent på å sjå korleis denne kollektive bloggen fungerer, eg har ikkje kome på noko å skriva der sjølv enno. Det er bra at Lars took grep. Eg trur likevel dette må vera ein slags versjon 0.1 av ein radikal fellesblogg, vonleg vil vi skapa eit miljø som er i stand til å driva ein enno betre ein om ei tid.
Spis deg ut av militæret...

Ein soldat frå USA har med vilje ete og lata seg slik at BMI'en hans har overstige krava til hæren, og han vart sendt heim frå Midt-Austen. Dette var ei nyvinning innan desertering, eller skal eg seia dessert-eting? Send kake til soldatane i Irak!
Artikkel i Salt Lake Tribune.
Organisasjonen Bring them home now!

12.04.2006

Peter Saville

Dagbladet skriv at Peter Saville skal laga omslaget til ein plate av det norske bandet Lorraine. Det gjer at eg får lyst til å kjøpa den utan å vita eit dugg om musikken. Den første New Order-skiva eg kjøpte var sjutommaren True Faith. Det gjorde eg utan å høyrt låta, eg berre måtte ha den på grunn av omslaget:

















Han har også laga dette flagget for Nordvest-England:

11.04.2006

Land eg har vore i

Leni har laga ei liste over land ho har vore i. Eg ville gjera det same. Det er lenge sidan eg gjorde det no, men før kryssa eg av alle byar eg hadde vore i på eit verdskart...

Land eg har vore i:
Sverige
Finland
Åland (dei er vel ikkje eige land, men har eige flagg...)
Danmark
Færøyane
Island
Russland
Irland (både dei 26 og dei 6 grevskapa)
Skottland
England
Wales
Jersey
Belgia
Nederland
Tyskland (Heh, har mista DDR på lista, diverre)
Frankrike
Sveits
Austerrike
Ungarn
Italia
Vatikanstaten (men det er vel juks...)
Slovenia
Kroatia
Bosnia (haha, passerte gjennom på veg frå Split til Dubrovnik)
Tsjekkia
Romania
Bulgaria
Tyrkia
Marokko
Filippinane
Aserbajdsjan
Usbekistan
Hong Kong
USA
Påskeblogging

Generisk litteratur

Venedisk litteratur

Vedisk litteratur

09.04.2006

Seriestart!

Litt nedtur å møta keisame Odd Grenland, men det gjer eigentleg ikkje noko. No rullar serien i gang igjen, og Vålerenga kjem til å forsvara seriegullet.

Tromp prøver å piska liv i Rosenborg-liket.

Elles har VIF byrja eit samarbeid med TV2/Nettavisen på nettsida: http://pub.tv2.no/nettavisen/fxt/vif/

Det ser ikkje bra ut, og bakgrunnen er den nye medieavtalen, som gjer at alle lag må lenkja opp til TV2s www.fxt.no. Æsj.

05.04.2006

Fotballsupportarar mot CPE

Elvis meiner eg skriv for lite om fotball. Det skal eg gjera noko med. Her er to bilete av banner som støttar kampen mot CPE i Frankrike:

Cosenza-supportarar: "Alle er mot CPE"



Olympique Marseille-supportarar: "Stolt av å vera anti-CPE" og "CPE: Kontrakt for å bli behandla som drit." Eg er ikkje heilt sikker på den siste omsetjinga...



Klikk på bileta for å få dei større...
Syng The Clash, bli kasta av flyet

Kampen mot terrorisme vinn nye sigrar.

A passenger was hauled off a jet as a suspected terrorist — because he sang a song by The Clash during a taxi ride.

The cabbie rang cops after Harraj Mann belted out London Calling.


Dette er den andre som har fått problem på grunn av tekstane til The Clash:

In 2004 Mike Devine, 35, was arrested after the Special Branch intercepted an innocent text message about the song Tommy Gun.

It contains the words “gun” and “jet airliner”.


Eg lev fårleg, så eg siterer Guns of Brixton:

When they kick out your front door
How you gonna come?
With your hands on your head
Or on the trigger of your gun

03.04.2006

Meiningspolitirazzia

Veldig god kommentar frå meiningspolitiet om Borgen-dokumentaren og Muhammedteikningsfetisjistane...

meningspolitiet - Erling Borgen: Ikke like viktig som muslimhets
Alle skal til Berlin om dagen...

Men ikkje eg. Eg må nøgja meg med å sjå på nettstader som denne, med bilete av etterkrigsarkitektur frå Berlin.

Restmodern.de



28.03.2006

Hahahaha!



Høhøhø. Eg klarer ikkje slutta å le, eg.

23.03.2006

Raud makt!

Raud som i indianar... I Sør-Dakota har presidenten i Oglala Sioux-stammen, Cecilia Fire Thunder gått ut og sagt at ho vil byggja ein Planned Parenthood-klinikk på reservatet deira. Giago: Oglala Sioux president on state abortion law Bakgrunnen for det er vedtaket i Sør-Dakota om å forby abort i alle tilfelle bortsett frå om mora er i livsfare. Les om korleis du kan støtta indianarane, og kvinnene i Sør-Dakota, her.
Blondinevits

No som PFU gjekk mot Vigrids forsøk på å forby blondinevitsar må vi bruka ytringsfridomen vår til å fortelja dei. Tiram fann den kanksje beste blondinevitsen av alle:
Blondinevits

22.03.2006

Med solid bakgrunn for eigen antiamerikanisme...

Eg har ofte forsvart US-amerikanarane når folk har gjort narr av at dei kallar den nasjonale baseballserien for "World series". Eg har trudd på forklåringa om at namnet kom av at avisa New York World sponsa den. Etter å ha lese denne artikkelen veit eg betre:

Origin of the Name "World Series"

Forresten, Japan vann over Kuba i finalen i verdsmeisterskapen i baseball nyleg.
Eg er jo ingen fiende av kulturen...

...men eg stussa veldig på denne ingressen til førsteoppslaget på klassekampen.no i dag:

Kostymedrama med krumspring : "1700-tallsromanen «Herr Tristram Shandys liv og meninger» var postmoderne lenge før moderniteten. Men hva betyr det?"

Det er nesten som om det er nokon på desken som har skrive inn ein kommentar på slutten, og gløymd å fjerna den før avisa gjekk i trykken.

21.03.2006

Ein test til..

Eg gjorde som Tiram og tok denne politisk kompass-testen.

Resultatet:
Economic Left/Right: -9.50
Social Libertarian/Authoritarian: -5.74


Eg er glad for at eg vart såpass libertariansk, eg ser jo på meg sjølv som det... Men eg hadde nok vorte meir autoritær med andre spørsmål.

20.03.2006

Frå Ja til Nei

Journalisten Johann Hari var blant dei mange liberale, venstreorienterte som støtta krigen mot Irak for å fjerna Saddam Hussein. No angrar han.

Johann Hari: "After three years, after 150,000 dead, why I was wrong about Iraq "

Sanninga om Venezuela


I Chavez' einevelde er dei no så fattige at dei ikkje har råd til klede når massane vert kommanderte ut for å hylla nasjonalistiske symbol som Simon Bolivar.

Les meir i Dagbladet [Nakne menneske på bileta, i tilfelle du har nokon som kikar over skulderen din.]

18.03.2006

Eg er ateist

Inga stor overrasking der, akkurat. Moro å sjå at eg elles er tilbøyeleg til å vera muslim og satanist...

You scored as atheism. You are... an atheist, though you probably already knew this. Also, you probably have several people praying daily for your soul.

Instead of simply being "nonreligious," atheists strongly believe in the lack of existence of a higher being, or God.

atheism

96%

Islam

63%

Satanism

63%

agnosticism

54%

Buddhism

50%

Judaism

33%

Paganism

33%

Christianity

21%

Hinduism

0%

Which religion is the right one for you? (new version)
created with QuizFarm.com
Kva finst på ipoden min?

Elvis Bling lista opp 25 tilfeldige songar frå PD'en sin. Eg gjorde det same eksperimentet sjølv, og her er lista eg fekk:

1 Give Me Back My Heart – Dollar
2 Bastet – Natacha Atlas
3 Galaxy Bounce – The Chemical Brothers
4 Bilaadi – Natacha Atlas
5 Don't Leave Me This Way – The Communards
6 Chemical Beats – The Chemical Brothers
7 Time After Time – Toni Basil
8 Her og Nå 15.03.06 – NRK P1
9 Aero Dynamik – Kraftwerk
10 Lover I Don't Have to Love – Bright Eyes
11 Oh-Oh! – Definite & Lex Lutor
12 Style Wars (instrumental) – Hijack
13 The Title – Ciara
14 747 - Nåid 2000 remix (B-side Chans) – Kent
15 Nothing to Fear – Depeche Mode
16 Almost Crimes (Radio Kills remix) – Broken Social Scene
17 William, It Was Really Nothing – The Smiths
18 World in My Eyes – Depeche Mode
19 Black Sweat – Prince
20 Justify My Love (xxx fuck me mix) – Madonna
21 Walk The Dinosaur – Was (Not Was)
22 Inner Flight (FakeID in Outer Space mix) – Primal Scream
24 The Greatest Cockney Rip-Off – Cockney Rejects
25 W.F.L. – Happy Mondays

Her og Nå er vel det mest keisame på lista. Elles er eg nokså nøgd med resultatet, men liltt forundra over at det var så mykje Depeche Mode og The Chemical Brothers, mens det ikkje er noko New Order og Joy Division, for eksempel.

16.03.2006

Tilstandsrapport frå den norske skulen

Håper elevene slipper nynorsk - Drammens Tidende


Men Linn-Merita må innrømme én ting: Hun likte faktisk Knut Hamsuns "Victoria", selv om boken er skrevet på det hun selv kaller tung nynorsk.
- Den var utrolig fin, sier Linn-Merita.
- Nei, huff. Jeg leide den på lydbok, for jeg orket ikke å lese den, kommer det kjapt fra Camilla.


Forresten, dei som lurer på noko om nynorsk og slikt kan stilla spørsmål til mållaget på eit nettmøte i kveld: Nettmøte med Noregs Mållag

15.03.2006

Svimmel av suksess

"Det nye kommunispartiet" i Nederland, NCPN, fekk fleire røyster enn dei hadde rekna med i den vesle byen Heiloo. Med 1000 røyster fekk dei to kommunestyrerepresentantar. MEN: dei hadde berre stilt opp med ein kandidat... Røystene dei fekk til overs gjekk i staden til GroenLinks - Grøne venstre.

Communisten Heiloo missen zetel door gebrek aan kandidaat [Nederlandsk]
Serbia og Montenegro kvar sin veg?

Føderasjonen knakar som vanleg i samaføyingane. Denne gongen over det viktige spørsmålet om kva song som skal vera med i Melodi grand Prix...

BBC News: Serbia-Montenegro in pop song row: "Tensions between Serbia and Montenegro have spilled over into the Eurovision song contest, which has a history of intense national rivalry.

An argument is raging over which band should represent the federation of Serbia and Montenegro in the contest."
Israel tok palestinsk fange til fange

Aftenposten hadde denne absurde, og difor så gode, overskrifta i dag. Pål Hellesnes skriv om hendinga og personen:

Hellesnesevise meldinger: De dreper kameraten min!

Les meir på Communistkickback og Lars' megafon.

14.03.2006

White Stripes og Giallorossi

Endeleg litt om det som har gjeve denne bloggen namnet sitt... Ultras. The World's Global Hit for 9. mars hadde eit innslag om at Roma-supportarane no syng White Stripes-songen Seven nation army. Eg veit at den alt er kome på tribunane i Sverige. Kanskje er vi først ute med den på Vålerengakampar her i landet?

13.03.2006

Dei gode ideane som aldri vart til noko... I

Denne historia til Elvis Bling minner meg om den gongen eg og han skulle starta ein rottepanikk i Oslo. Det hadde gått nokre år etter ei rekkje store oppslag om alle rottene i hovudstaden, men så høyrde vi ikkje meir om dei... Vi sette oss ned for å skriva falske lesarinnlegg om at vi hadde sett rotter som organiserte seg i noko som likna militære formasjonar. Så skulle vi fylgja opp med historier frå andre som hadde sett det same. Det fyrste lesarinnlegget kom aldri på trykk - eg hugsar ikkje kva avis vi sende til. Og kva kan vi læra av det? Jo, no kan ein starta slike panikkar i bloggane sine. Og eg legg merke til at det er ein del slike panikkbloggarar der ute...
'I didn't join the British Army to conduct American foreign policy'

As a trooper in the Special Air Service's counter-terrorist team - the black-clad force that came to the world's attention during the Iranian Embassy siege in 1980 - Ben Griffin was at the pinnacle of his military career.


During a week's leave in March 2005 he told his commanding officer in a formal interview that he had no intention of returning to Iraq because he believed that the war was morally wrong. Moreover, he said he believed that Tony Blair and the Government had lied to the country and had deceived every British serviceman and woman serving in Iraq.


"As far as the Americans were concerned, the Iraqi people were sub-human, untermenschen. You could almost split the Americans into two groups: ones who were complete crusaders, intent on killing Iraqis, and the others who were in Iraq because the Army was going to pay their college fees. They had no understanding or interest in the Arab culture. The Americans would talk to the Iraqis as if they were stupid and these weren't isolated cases, this was from the top down. There might be one or two enlightened officers who understood the situation a bit better but on the whole that was their general attitude. Their attitude fuelled the insurgency. I think the Iraqis detested them."


Les resten.
Historieforfalsking!

Vålerenga På Nett
Flere medier forsøker nå å si at Adam Malysz er den første som har vinni hopp i Holmenkollen fire ganger. Men Vålerengagutt Ole B. Andersen vant eldste klasse (over 32 år), fire år på rad fra 1927-1930. Sannsynligvis var ikke dette eliteklassen. Men det var dog en egen klasse i hopp i Holmenkollen, og da må det regnes med når sånne statistiske opplysninger skal karakteriseres. Han var den første som vant fire ganger, og hittil den eneste som har vinni fire ganger på rad.
Pinleg lesnad

For tida vert det skrive mykje om kor pinlege tekstane til ein del kvinnelege skribentar er. Eg må innrømma at eg raudna og tykte det var pinleg å lesa dette stykket av Cathrine Holst i Ny Tid.

Flink pike

Eg orka ikkje å lesa alle historiene der.

12.03.2006

Mitt Albania

Veldig fin blogg om eit år i Albania. Desse bileta av hus i Tirana er fantastiske.
Dialekta tron-øgrimsk...

Eg veit at folk har sagt dette i snart førti år, men eg vert like irritert kvar gong. Eg misliker sterkt at dialekta mi skal kallast AKP-språk, ml-dialekt eller tron-øgrimsk. Ikkje eit vondt ord om korkje AKP, marxisme-leninisme eller Tron Øgrim, men Oslomålet eksisterer framleis som del av det norske dialektmangfaldet. Så, phd-student Erik Ingebrigtsen ved NTNU, kan du fortelja meg kva som var så merkeleg med det Martine Aurdal sa på tv?

Kåt kvinnekamp - Dagbladet.no:
«Jeg jobber i media sjæl, så jeg veit hvordan det funker» - Fett-redaktør Martine Aurdal snakket tron-øgrimsk da hun i en TV2-debatt slo fast at forfatterne bak boka Rosa Prosa helt bevisst hadde lagt opp til at kvinners kåtskap skulle stå i fokus for Kvinnedagen 8. mars.
Kjempehummer



Les meir: 'Giant' lobster lives up to name. ABC News Online

11.03.2006

Riot Porn

Ein blogg som berre har bilete av opptøyer, steinkasting og slikt.

Tillegg: Bombs and shields har meir av det same.
Leve ytringsfridomen!

Det er så flott at vi kan briska oss med ytringsfridom her i vest, i motsetnad til dei andre de veit.

jill/txt » censorship of research

Recently, two articles by teams from the University of Bergen were accepted by prominent US journals and then turned down because, the publishers said, “we cannot publish your paper because the United States government restricts publishers from publishing papers that have an affiliation with the government of Iran.”. Some of the authors were Iranian citizens, you see, although they work or had worked as researchers here in Bergen.

10.03.2006

Elvis Bling veit ikkje kva puppar er for noko

...men han vil gjerne lesa om det på nynorsk: Brann, daiar og vêret Då eg såg oppropet til Bergen Målungdom tenkte eg at det nok var mange som ikkje visste kva dei skreiv under på at dei ville lesa om på nynorsk. Og eg fekk rett.

09.03.2006

vaffel+pølse+syltetøy+ketchup=pøffel

Eg pleier ikkje å vera den som spør om det er dette lisenspengane mine skal gå til, men innimellom må eg også få snakka som ein taxisjåfør.
Om AKP og slikt

Elvis Bling har skrive ut debatten mellom Pål Steigan og Arne Strand på Redaksjon En. Takk for det! Ein annan ting eg ville takka for er denne kommentaren:
Pål Steigans artikkel blei etterpå forsøkt motsagt av Ottar Grepstad i en artikkel som heter det indre tyranni, men den rammes umiddelbart av Godwins lov, så innlegget gjelds ikke. Sorry. Bedre lykke neste gang.

08.03.2006

Olaug Nilsen: Kåte kvinner i vinden

Hei, puristen!

Er ikkje du også veldig glad for at tekstar som den til Olaug Nilsen i Dagbladet vert skrive?
The Morality of the Right to Abortion...And the Immorality of Those Who Oppose It

Avisa Revolution om det hårreisande, umoralske, magevrengande kvalme abortforbodet i Sør-Dakota.
Taking It Higher: Women's Liberation in Nepal

Li Onesto om kvinnefrigjøringa som del av folkekrigen i Nepal.
Gratulerer med dagen!

Tidsskriftet Rødt! har lagt ut artiklar frå utgåva om kvinnedraumar i høve dagen.

SV' forsvarspolitiske talsmann har dagens til no mest kryptiske kommentar om kvinneleg verneplikt:

SVs forsvarspolitiske talsmann Bjørn Jacobsen er uenig med sine yngre partifeller. Han mener internasjonale operasjoner vil føre til store ulemper for kvinner, og ser ingen grunn til å presse på med å kreve full likestilling.

- Partiet stiller seg bak målet om 15 prosent kvinner i Forvaret, sier han.
Feil...

Ser ut til at mesteparten av bloggen ikkje har vore synleg dei siste timane... Det var eit skript eg la ut som ikkje funka.

07.03.2006

Verdonk og Kalou

For ein flott overskrift... Martin Wisse skriv om kor vanskeleg det er for Salomon Kalou å få spela for Nederland i fotball-VM.
Familien som går på alle fire

I Kurdistan har dei funne ein familie der fem søsken går på alle fire. Forskarar meiner dei gjev oss innsikt i korleis menneska utvikla seg.
Ei gåve til Lars

Som ei lita gåve til Lars kjem eit sitat frå RUPE



A passing note: in arguing for the need to participate in WSF despite its flaws, Sitaram Yechury quotes the following passage from a well-known essay by Mao Tse-tung, "Report of an Investigation into the Peasant Movement in Hunan":

For the present upsurge of the peasant movement is a colossal event. In a very short time, in China's central, southern and northern provinces, several hundred million peasants will rise like a mighty storm, like a hurricane, a force so swift and violent that no power, however great, will be able to hold it back. They will smash all the trammels that bind them and rush forward along the road to liberation. They will sweep all the imperialists, warlords, corrupt officials, local tyrants and evil gentry into their graves. Every revolutionary party and every revolutionary comrade will be put to test, to be accepted or rejected as they decide. There are three alternatives. To march at their head and lead them? To trail behind them, gesticulating and criticizing? Or to stand in their way and oppose them? Every Chinese is free to choose, but events will force you to make the choice quickly.


However, Yechury should note that this passage hardly supports his argument. The peasants of Hunan, having violated the stipulation of non-violence, would be denied entry into the WSF.
Ordbok eller museum

Eg visste ikkje kva zoozoo, jobernowl eller logodaedalus var for noko før eg las denne artikkelen. Eg hadde nok heller ikkje møtt på orda heller, om eg ikkje hadde lese artikkelen altså. Skotske Chambers Dictionary vil halda på ord som andre tek ut av ordbøkene, og ha ordboka som eit slags språkmuseum.
Landsmøtetid i NMU

Straamannen har nokre gode invendingar til framlegget til nytt arbeidsprogram for Norsk Målungdom.

Når vi snakkar om Straamannen: Christian Jacobsen har ein vits i bloggen sin på høgde med mykje av det vi kan lesa i SM.

06.03.2006

Kvifor kjem folk hit?

Eg undra meg på at nesten halvparten av dei som kom til sida mi leita etter "free porn". Det var eit søk på eniro/kvasir som leia dei hit, ettersom ein spambot hadde lagt att ein kommentar for lenge sidan. I motsetnad til gualO nesliN bryr eg meg ikkje med kvifor folk vil lesa bloggen min. Eller rettare, eg tek i mot alle treff eg kan få. Difor sletta eg pornoreklamen, men skreiv på fiffig vis inn søkjeordet i denne kommentaren. Så får eg alle treffa likevel, lizzom.

Forresten, her skriv Maoist Internationalist Movement om kor mykje dei set pris på at tekstene deira vert spreidd på pornosider:
Gender bureaucrats and pornified masses kick PIRAO ass
Those big stars just don’t get Jon Stewart
"Instructing the audience to not pirate films, Stewart referred to the rich and lavishly dressed audience and said, "These are the people you're stealing from." Those people did not find his remark funny."


Hahaha! Eg såg ikkje Oscarutdelinga, men eg skulle gjerne sett ein halvtime med Jon Stewart som fortel vitsar til Hollywood-fiffen dei ikkje forstår. Så kunne dei droppa utdelingane og takketalane innimellom.

TILLEGG: Gold-Flecked Soup? It's Oscar Time!
"More will be spent on this one night than was spent to make "Crash" and "Capote" combined. Even the celery broth is sprinkled with gold.

"Everyone's going to get soup like that, with 24-karat gold leaf on top," said Wolfgang Puck, who is in charge of catering the governor's ball."


Sellerisuppe med gull? Er det rart dei ikkje har humor?
Gud bedre

Elvis Bling Laden tek eit oppgjer med krækkarane ("crackers" - og då snakkar vi korkje om kvite amerikanarar eller kjeks.).

Tillegg: eg ser no at det i URL'en i tittelen står "pent-brev-til-crackere". Det var vel ikkje det du mente, Elvis?
Svar på spørsmål II

Eg fekk nokre spørsmål frå Lars:

1. Har du sett Gymnaslærer Pedersen? Hva syns du?
Nei, eg har ikkje sett filmen. Eg har nokre gratisbillettar eg fekk til jol som eg snart må bruka opp, så eg har inga orsaking for ikkje å ha kome meg på kino. Eg reknar med at eg kjem til å tykkja filmen var teit men pen.

2. Hvorfor tror vi ikke lenger på kampen for et annet samfunn?

Eg trur på kampen. Eg trur berre ikkje på eit anna samfunn... Eller: eg trur på eit anna system, men eg har ikkje så veldig tru at vi skal klara å endra på alle menneska så lett. Så, eg trur på kampen for eit anna system. Samfunnet får vi ta etterkvart.

05.03.2006

For ein slakt...

Ein grunn til at fisking er så populært i bloggar er nok at vi alle liker å sjå at nokon som deler synspunkta våre sablar ned dei velformulerte meiningane til motstandarane våre. Samir Amin har skrive ein fantastisk slakt av tusenårsmålsetningane til dei Sameinte Nasjonane. Dagens andre lenkje til Monthly review kjem her:

The Millennium Development Goals: A Critique from the South

Forresten:

Regjeringen gir full støtte til ambisjonene i FNs tusenårsmål om å halvere ekstrem fattigdom innen 2015 og vil lede an i arbeidet med å slette gjelda til de fattigste landene.
I høve Bush-visitten i India...

Why the United States Promotes India’s Great-Power Ambitions
av the Research Unit for Political Economy

RUPE var forfattarane til boka Krigen mot Irak - motivene bak.

TILLEGG: Her er heile teksten på RUPEs nettside.
Det nyaste nye innan introspeksjon

Eg er ikkje veldig entusiastisk over den norske Arts & Letters Daily-kopien depesjer.no. Eg meiner, eg finn fram til Aftenposten og Ny Tid på eiga hand... Det er for lite variasjon i kjeldene til artiklane, og til no har eg ikkje oppdaga mykje spanande derifrå. Men: seksjonen Introspekt likte eg! Nyhende om Noreg på engelsk, fransk, tysk, svensk og dansk.
Kjenner du ein trong til å utfordra det borgarlege samfunnet?

Då må du passa på! Det er nemleg eit sams drag ved
[...] fascisme, nazisme, tyske høyreradikalere, leninismen og senere venstreterrorgrupper som RAF og Røde Brigader.


Dette kjem opp i ein over gjennomsnittet forvirra tekst på document.no om tangeringane mellom AKP og 11.-september-terroristane.

04.03.2006

Litt om desse teikningane...

Venstres politiske ordfører »beklager«, hvis han har misforstået en trussel mod en af Muhammedtegnernes datter. Hans udtalelser om trusler mod datteren fra 12 muslimske mænd er blevet kaldt en »løgn« af tegneren selv.


En protest imod tegningerne af profeten Muhammed i Baku i Aserbajdsjan endte med, at demonstranterne afbrændte det schweiziske flag i stedet for det danske.

Og det skete på et tidspunkt, hvor udenrigsministeren fra netop Schweiz var på besøg, skriver den armenske avis Yerkir.
Om europeisk ytringsfridomshykleri

Les Lars Akerhaugs artikkel om hykleriet rundt ytringsfridom i Europa

European free speech hypocrisy I
European free speech hypocrisy II
Denne skal eg lesa!

Marxists Internet Archive har dei no lagt ut ei bok om dei amerikanske styrkane som slåst i Sibir etter oktoberrevolusjonen.
America's Siberian Adventure (1918-1920)
by General William S. Graves (Major General, United States Army. Retired.)
Og så seier dei at fotball ikkje er politikk...

Arsenal har inngått ein avtale med Israel om at Israel skal vera Arsenals "offisielle og einaste reisemål".
Vi hatar alle, alle hatar oss

Eg liker godt denne kommentaren om utviklinga av kva det er "lov" å seia på tribunane:

Duleep Allirajah: Are football fans going soft?
One of the most enjoyable things about terrace culture is the ritual trading of abuse. Football chants are cruel, obscene, offensive, sometimes downright sick and often very funny. But there are worrying indications that fans can no longer take a bit of ribbing.
Ikkje lett å vera jødisk nynazist...

Utruleg merkeleg sak om kor vanskeleg det er for jødiske rasistar og nynazistar å halda ein sivilisert dialog på konferansar.

28.02.2006

Japans mest kända hund

*Snufs* De må lesa denne gripande historia om bikkja Hachiko *snøft*.
De kan då ikkje berre gje det vekk?

Utruleg morosam sak om kor vanskeleg det er å forstå at nokon vil gje bort ein nettlesar.

22.02.2006

For eit fornuftig forsvar av ytringsfridom

Alle snakkar om ytringsfridom om dagen, Austerrike og Danmark gjer noko med det.

Så: det trengst eit fornuftig forsvar ytringsfridomen, eit forsvar som ikkje er opportunistisk islamhets.

Kva skal så eit slikt forsvar byggja på? Ta gjerne debatten i kommentarfeltet.

21.02.2006

Ytringsfridom i Danmark
Som de kan lesa av artikkelen over er dei hardnakka forsvarar av ytringsfridomen der nede i sør...
Svar på spørsmål I

Gamle Gudrun har stilt nokre spørsmål:

1. Kvifor er du so glad i Smiths? (Eg vonar ikkje du har slutta å vera det, då)

Hmmm... Eg hugsar fyrste songen eg verkeleg likte, Panic. Det er mogleg den verkeleg sa noko til meg om mitt liv... Då var eg 11 år, og det var berre nokre månader til The Smiths gjekk frå kvarandre. Neste år har eg altså 20-årsjubileum som Smiths-fan. Eg trur at grunnen til at eg liker dei så godt framleis er rein nostalgi, tilbake til den gongen ein oppdaga musikk som betydde noko. No er det mest som lydkulissar.

2. Er det sant at alle gamlismålungdomar (slike som meg og deg) har gått over til å vera tospråksfolk, og høyrest ut som me jobbar i kulturdepartementet?

Eg er ikkje vorte tospråksmann, men det finst sikkert dei som er usamde med meg om det. Eg høyrest vonleg ikkje ut som om eg jobbar i kulturdepartementet. Eller, det er ikkje sant, eg har ikkje heilt grep om korleis dei høyrest ut der. Kan du gje eit døme?

3. Gler du deg til du skal ha 30-årsfest? Det gjer eg.

JA! Eg hadde tenkt å ha den på dagen, men no har noko anna kome opp same kvelden, så eg må vurdera om eg skal flytta feiringa til dagen etterpå. Men det vert ein kjempefest, og alle som nokonsinne har kjent meg bør rekna seg som inviterte.

12.02.2006

Kvifor er det så keisamt å blogga?

Eg tykkjer ikkje det er keisamt med bloggar. Eg liker å lesa det andre har skrive. Eg tykkjer det stort sett er keisamt å lesa det eg sjølv har skrive.

Ettersom eg tykkjer det er moro å lesa det andre skriv burde eg jo eigenleg tenkja at andre liker at eg skriv, og så skriva for å gleda medmenneska mine. Det er ein god nok grunn til å blogga i seg sjølv. Men då må eg finna på noko å skriva om. Eg har ikkje lyst til noko intimitetstyranni, det gjer Fru Lur Sur for heile internett.

Ting som handlar om fotball og supportarar er mykje betre å skriva og lesa om på forum.

Eg har byrja å høyra på mykje meir musikk no som eg har fått meg iPod. Så det kan eg kanskje skriva om. Men det eg tenkte kanskje hadde gjort at eg skreiv meir var om eg kunne svara på spørsmål. Det tykkjer eg er morosamt. Så send ikkje-intime spørsmål til magnus krøllalfa nynorsk no, så skal eg svara i bloggen.

Og eg kjem ikkje til å kalla det ein vlogg, Margit.