1. Det er berre kampar ein ikkje kan gå glipp av igjen i VM.
2. Det har vore nokre fantastiske sumarkvelder i det siste.
3. Eg fekk svar på kven det er som legg ut brødskiver på Grønland torg, like ved Meny. Ein dag regna det brødskiver rundt meg, og då såg at ein gamal gubbe stod på taket og kasta ut brødskiver. No står det att og finna ut kvifor.
4. Eg skal hit, hit og hit i juli.
5. På Grønland er det nokre som har fiksa opp eit hus som har stått tomt lenge, og det vert grønt. Det liker eg.
6. I går fekk eg stadfesta fordommane mine mot USAmerikanarar. Eg orkar ikkje gje att heile diskusjonen, men det som skjedde var at ein amerikansk ryggsekkturist spurde om å få sitja ved eit bord der eg og ein fransk kamerat sat og drakk rådyrt belgisk øl

7. Eg vann eit gåvekort på 200 kroner i Sommerquiz på TV2. Ikkje akkurat dei 10 000 eg hadde håpa på, men likevel noko å gleda seg over.
8. Eg har fått billeg overnatting i Praha, med tilhengarar av kluibben FC Bohemians.
9. Eg skal snart ta av meg gipsen på armen.
10. Eg har endeleg skrive litt på bloggen min.