15.03.2007

Korleis kjøpa musikk på nettet?

All musikk ein vil ha - nesten - finst gratis på nettet. Her om dagen ville eg ha nokre gamle Bel Canto plater. Eg fann dei på musikkonline.no. Men dei filane måtte eg spela på eit avspelarprogram eg ikkje vil ha, og eg kunne ikkje bruka dei på iPoden. Eg skal innrømma at iPod ikkje er detbeste valet om ein vil ha musikk utan brukarsperrer, men eg vann den i ei tevling... Eg hadde ei tinging inne på ein spelar frå Creative då eg vann iPoden.
Så prøvde eg å lasta filane frå ei US-amerikansk nettstad, emusic.com. Den er god ettersom dei ikkje sel øydelagte filar - alt er DRM-fritt. Det dumme er at utvalet ikkje er heilt topp, og at ein må kjøpa abonnement på eit visst tal songar i månaden. Men det er ganske billeg. MEN: Bel Canto kunne ein ikkje lasta ned til Noreg frå denne nettstaden.

Så. I desse dagar er det fåre på ferde for all uavhengig nettradio. Interesseorganisasjonen til Platebransjen i USA, RIAA, har pressa styresmaktene til å stramma inn kor mykje nettradioane må betala i utpressingspengar til musikkmafiaen. Det vil seia at tenester som Pandora og last.fm kanskje må flytta til andre land, i lag med alle dei andre små nettradioane.

Finst det nokre lyspunkt? Ja. I desse dagar har eg vore mykje på Sellaband. Det er ein nettstad der ein kjøper "aksjar"i artistar utan platekontrakt. 10$ per del. Om artisten sel 5000 delar får dei gje ut CD, med profft studio og produsent. Dei som har kjøpt delar får ein CD per del, og alle songane vert lagde ut gratis i minst eitt år. Om det er inntektar på reklame og CD-sal får ein del av dei.

Dette er utruleg moro, og eg har funne ein del god musikk der også. Eg oppmoder alle om å ta ein tur innom - og gjerne kjøp nokre delar!

(Om nokon vil bruka emusic, send meg ein epost, så kan vi få nokre gratis MP3-filar...)