14.04.2008

...sett på gamleskulen

Eg var på førestillinga Veitvet Story 2 i kveld, og såg kusina mi opptre. Førestillinga er del av fering av femtiårsjubileumet til Veitvet skule. Det er faktisk utruleg imponerande kva elevane har fått til, med god hjelp frå lærarar, foreldre og andre. Mellom anna Det Norske Teatret! Jammen dansa dei ikkje til Nordmannen også - i ein miks med bollywood-musikk. Ein annan ting som gledde meg var at denne gongen dansa norske jenter med dei indiske jentene i ein indisk dans. Og så var et veldig flott når eit av versa i Du skal få ein dag i mårå plutseleg vart sunge på spansk. Det som trekte litt ned for meg var at eg måtte høyra på talar frå både Torger Ødegaard og Astrid Søgnen.

Eg fann også klassebiletet mitt frå 9A hengande på veggen - det var litt av eit gjensyn!

05.04.2008

...mora meg over

Bladet Spirit proklamerer bloggefeber på framsida av aprilnummeret. Altså, vi er i 2008... Og sist eg las om blogging i Spirit var vel då ein av dei førre redaktørane (Anne Guro Halvorsen?) avskreiv heile fenomenet og sa at det var nettkringkasting/podkasting som var framtida. Så lite skal til for å mora meg.

02.04.2008

...funne på internett om ein namnebror


marsdal+reitan
Originally uploaded by omicronline
Eit fantastisk bilete av Magnus Marsdal og ein Reitan-arving i rockebandet Hamlet. Trist at Magnus har klypt håret.

23.03.2008

...vore sjalu på astronautar for

Dei får sjå slikt:

Dette er nordlyset sett frå den internasjonale romstasjonen.

...lese i dag

Trongen etter ferske aviser vart sterk, men Narvesen på Oslo S kunne ikkje hjelpa stort. Eg kjøpte helgeutgåva av International Herald Tribune, men den er jo ikkje ferskare enn frå fredag. Og det var ei ganske keisam utgåve. Derimot fann eg eit nytt svensk tidsskrift, Filter. Filter er etter det eg kan forstå redigert av nokre av dei som gjorde Offside til det mest lesverde fotballbladet eg har sett. Eg har berre lese halve Filter, men det eg las var verkeleg bra. Mat-spalta handla om korleis det har seg at vi kan få "italiensk" olivenolje på Rema 1000, når den italienske produksjonen dekkjer omlag halvparten av det italienske konsumet. Det var ein lang artikkel om Carl Lundström, høgreekstremisten som er tiltalt i Pirate Bay-saka - og dette var ein artikkel om fildeling som var truverdig, ettersom den hadde den tekniske forståringa på plass.  Mykje anna interessant også, så eg tilrår dette til dei som skal raska med seg lesestoff til lange heimreiser no mot slutten av påskeferien.

10.03.2008

...vorte fortalt om kaker og universet

Jon Kvalbein har ein av kommentarane sine i Aftenposten i dag. Eg var arg og snakka med mat i kjeften då eg las den under lønsjen. Kva var det som gjorde meg så sint? Vel, eg reagerer på korleis han stiller heile saka om vitskap og tru på hovudet. Kvalbein skriv at det er forskarar og folk med eit vitskaps-basert verdsbilete som uttalar seg skråsikkert om korleis livet, universet  og alt er vorte til. Men det er jo ikkje slik det er: vitskapsfolk seier at dei ikkje veit korleis og kvifor, men at dei held på med å finna det ut. Kvalbein derimot, han er vorten fortalt av Gud korleis ting heng saman. Han er skråsikker. Han treng ikkje stilla spørsmål - svaret vert i alle høve at "Gud gjorde det".

Ein god stereotyp, venstrebloggar skal alltid åtvara mot "amerikanske tilhøve", og  denne gongen er det eit godt høve til det. Det er nett vedteken  ei lov i Oklahoma som seier:

A school district shall treat a student’s voluntary expression of a religious viewpoint, if any, on an otherwise permissible subject in the same manner the district treats a student’s voluntary expression of a secular or other viewpoint on an otherwise permissible subject and may not discriminate against the student based on a religious viewpoint expressed by the student on an otherwise permissible subject.

Altså om kritikarane tolkar lova rett, så er det slik i Oklahoma at om religionen din seier at jorda er 6000 år gamal, så skal du få rett på det i ein prøve i naturvitskap.

Kvalbein skriv: "En åpen vitenskapelig holdning kan ikke se bort fra at universet kan være skapt.". Nei, ein open vitskapleg haldning kan ikkje det. Men ein slik påstand krev prov, den må verta underbygd med empiri. Det har ikkje Kvalbein - han syner berre til at Gud har sagt at det er slik. Og ingen med ei open, vitskapleg haldning kan godta det.

05.03.2008

...streva med leeenge

Eg har no endeleg klart å installera Linux på ein akseptabel måte på den stasjonære PD'en heime. Alpha 5-utgåva av Ubuntu 8.04 let meg få installera ein drivar som passa grafikkortet mitt.
No står det att å få til ei løysing slik at Vista aksepterer Ubuntu som ein god nabo. Eg får ikkje til ein saumlaus oppstart av Ubuntu, eg må bruka ein oppstartsdisk for å få det i gang. Men det skal nok lata seg fiksa. Det er litt ålreit å ha eit 64-bits operativsystem, så. Ikkje at det gjer så stor praktisk skilnad, men det kjennest godt å ha noko som er tilpassa prosessoren.

22.02.2008

...sett mållagstilsette uttala seg om denne veka

Kjartan Helleve om kva han har på nattbordet.

Gro Morken Endresen om studietida.

Interessant at Gro vel å visa fram arkivet vårt...

...lurt på og Fox News har svaret på

Who is Usama Rooting For?

Who does Usama bin Laden want to be the next president? More people think the terrorist leader wants Obama to win (30 percent) than think he wants Clinton (22 percent) or McCain (10 percent). Another 18 percent says it doesn’t matter to bin Laden and 20 percent are unsure (via)

18.02.2008

...vore med og finansiert så de kan få gratis musikk

Eg har putta ein del pengar i artistar på Sellaband, og det som er flott er at de no kan få gratis musikk derifrå. Filane er DRM-frie MP3'ar i god kvalitet. De kan også kjøpa meir musikk, sjølvsagt, det kostar ikkje meir enn $0.50 pr MP3-fil. Evt kan ein kjøpa CD'ar då.

Second Person - britisk post-trip-hop

Mandyleigh - australsk dame som syng sekstitalsinspirert rock

Maitreya - rappar frå New Zealand

Clemence - fransk jente som syng nokså typisk fransk pop-musikk

Lily Vasquez - "latino"-musikk, eg veit ikkje kva den merkelappen skal tyda, men ho er frå Colombia.

Det er utruleg moro å vera med på dette tykkjer eg, og eg oppdagar i alle fall mykje musikk eg elles aldri ville høyrt på.

...ledd av i dag II

As far as you know, does the earth revolve around the sun, or does the sun revolve around the earth?

Earth revolves around the sun 79%

Sun revolves around the earth 18%

No opinion 3% (via)

Meiningsmåling i USA. Dei fleste hadde rett svar, då.

16.02.2008

...installert

Dette innlegget skriv eg på ein Linux-maskin! Det gjekk veldig smertefritt med installeringa denne gongen. Det vert moro å sjå korleis eg liker det.

...fått av Jon Michelet

Han gav meg ei heil bok. Ja, det var vel heile internettet som fekk boka Brev fra de troende då. Eg har lese 4-5 kapittel til no, og det er interessant. Boka er om tru og tvil og ateisme, og er skrive rundt brev Michelet fekk etter eit intervju i Vårt Land.

04.02.2008

...ergra meg over

Kvifor kjem ikkje Service Pack 1 til Vista på norsk før i april??? Eg sit her med evalueringsversjonen, men skulle gjerne hatt den ferdige utgåva. Den er jo klar alt no, men likevel må me altså venta til april. No skal det seiast at nynorskutgåva også har vore klar i snart to år, utan at den er komen på marknaden. Og om Microsoft krev at eg må kjøpa ein ny lisens for å få nynorsk, då skal eg skriva eit lesarinnlegg eller noko slikt. Berre vent, så skal de få sjå!

Og kva skjer med XP SP3?

...lært ei ny forkorting for

BBWW: Big Beautiful Wonder Woman.

Eg ser no at det var mat med i alle teikningane eg valde ut frå denne bloggen...

...ledd av i dag II

Kjønnskaotisk badedag vart ein fiasko.

31.01.2008

...lyst på i nynorsk- og bokmålsversjon

Her om dagen kom eg ved eit tilfelle over Wikipe-Tan. Kva er det? Jau, i tråd med at alt og alle i Japan skal ha ein søt liten maskot er det laga ein eigen manga-maskot for Wikipedia. Ho ser slik ut:

Då eg las artikkelen om henne på Wikipedia såg eg at det også finst slike for alle moglege operativsystem, spelkonsollar etc.

De kan jo sjå kva eg bruker ut frå teikningane her:

Den siste er kanskje litt vanskeleg... (via - ver varsam...)

Tenk om dei kunne laga slike for nynorsk, bokmål, riksmål, samnorsk, høgnorsk...

21.01.2008

...skrive under på

Eg skriv under færre og færre opprop kjenner eg, men no tok eg fram oppropsunderkriftspennen att. Erik Haugan har sett i gang eit opprop om klimapolitikk eg kjende meg veldig att i. Les oppropet, og skriv under!

...tenkt på i helga

Eg las kronikken til Jan E. Hansen om striden ved Roma-universitetet La Sapienza, der store protestar førte til at paven valde å ikkje halda ei førelesing. Eg reagerte veldig på at Hansen aldri nemnde kva motstandarane av pavebesøket protesterte mot.

Bakgrunnen var altså at Benedikt XVI i Parma i 1990 - den gongen som kardinal - siterte filosofen Feyerabend, som sa dette om Galileo:

‘At the time of Galileo, the church stayed much truer to reason than Galileo himself. Galileo’s trial was rational and just’. (eng.) / (it.)

At vitskapsfolk reagerer på denne utsegna er fullt forståeleg. Jan E. Hansen har berre dette å seia om professorane og dei andre vitskapleg tilsette som protesterte:

Lærere som av ideologiske grunner ikke ønsker å diskutere etikk eller kulturkonflikter med paven i universitetets lokaler, er ganske sikkert fagfolk uten ekte undervisnings- eller forskningstalent. I dette talentet ligger kommunikasjonsevne - ja, saktens også behov for kunnskapsutfordring. Uten disse egenskapene har en lærer ingen mulighet til å vinne gehør hos elever og studenter.

Så. Eg forstår altså protestane. Eg meiner likevel at i denne saka spelte ein ballen rett i fanget på motstandarane sine, eller til Jan E. Hansen for den del.

Det er ikkje rett å nekta paven å tala på eit universitet. Eg ville nok valt ein annan person til å opna studieåret. Eg tykkjer heller ikkje talen Ratzinger hadde tenkt å halda var så veldig interessant.

20.01.2008

...ledd av i dag

NA24 har eit oppslag om ein japansk 16-åring som har svingt seg på byen, utan å ha pengar å betala med. Nokre utdrag:

En ung japansk tenåring på 16-år lot som han var en velstående playboy brukte 1.700 pund, om lag 18.000 kroner, på drikkevarer på en bar ved Tokyo,

Men når regningen skulle betales fortalte den unge spanderbuksen at han ikke hadde noen penger.

De ansatte ringte dermed politiet som ble arrestert mistenkt for svindel.

De ansatte skal ha blitt sjokkerte da de fikk vite om alderen til gutten da han virket eldre enn alderen skulle tilsi.

Det står att to setningar i notisen etter at eg klypte ut desse... Er det i det heile nokon som har lese denne saka før den hamna på nettet? Den er til og med oppdatert ein gong, eg undrast på korleis den såg ut i utgangspunktet.

...lyst til å ha på veggen

Norsk omsetjing, etter beste evne: "Kommunismen min fungerer berre åleine. Splitting - eg tykkjer det eigentleg er veldig bra!" via

...på 7" og 12" og ikkje har høyrt på mange år

DJ Paul T frå Oklahoma legg ut gode gamle 12"ar frå åtti- og nittitalet - med alle remiksar, a cappella- og instrumentalversjonar intakt. Eg fann fleire eg har på vinyl frå før, men eg har jo ingen platespelar kopla til anlegget for tida. Jody Watley: Most of All, New Order: Fine Time, Sheena Easton: 101, Sheila E.: The Belle of St. Mark.

Han har ein Olivia Newton-John-blog også, men den har eg ikkje sett på.

17.01.2008

...lite tru på

Aftenposten melder at ein no kan kjøpa piller som skal helpa i FPS (fyrstepersonsskytespel)...

...lese før og er overraska over utviklinga av

Arnfinn Pettersen skriv om utviklinga av den tidlegare warbloggaren Bjørn Stærk. Bjørn Stærk var, sjølv om eg var grunnleggjande usamd med nesten alt han skreiv, ein inspirasjon til at eg byrja å blogga den gongen langt tilbake i 2002. På den tida kunne ein lista opp alle norske bloggar frå minnet. Det er interessant å sjå utviklinga hans, og veldig moro med måten han har gått tilbake til å laga heimeside - komplett med Under construction-skilt.

...skåra 7 av 10 på

Denne testen var veldig morosam, tykkjer eg.  Den testar kor godtruande du er, og evna di til kritisk tenkjing. Eg er litt skuffa over meg sjølv for nokre av svara eg gav. via

The gullibility test - science and nature

16.01.2008

...lurt på og er glad for at nokon kan forklara meg

Placebo-effekten er spanande: kvifor vert nokon friskare av å eta sukkerpiller? Bloggen Science Based Medicine har eit innlegg om Placebo, og eg tykkjer i alle fall eg forstår meir enn før.



It has also been clearly demonstrated that subjects who are being
studied in a clinical trial objectively do better. This is because they
are in a clinical trial – they are paying closer attention to their
overall health, they are likely taking better care of themselves due to
the constant reminder of their health and habits provided by the study
visits and attention they are getting, they are being examined on a
regular basis by a physician, and their overall compliance with
treatment is likely to be higher. So basically, subjects in a trial
take better care of themselves and get more medical attention than
people not in trials. If for those not in a clinical trial, if they
decide to do something about their health by starting a new treatment,
they are likely to engage in more healthful behavior in other ways.

Dette kan jo forresten seia oss noko om eit visst forsøk i Oslo dei siste tre åra...

Mannen bakom Science Based Medicine er også redaktøren for ein av mine favoritt-podkastar, the Skeptics' Guide to The Universe.

Blogged with Flock

...lyst til å testa

It doesn't matter how good or bad the product is, the fact is that people don't read anymore... The whole conception is flawed at the top because people don't read anymore. Steve Jobs

Om det ikkje kjem nokre kommentarar på dette innlegget har Steve Jobs rett.

...sett

Louis Theroux har vore på ei to veker lang vitjing i St. Quentin-fengselet i Kalifornia. Dette er den beste dokumentaren om livet i eit fengsel eg har sett, truleg fordi Theroux nok er ein av dei mest likandes intervjuarane på TV. Han let fangane sleppa til, prata ut. Og han finn nokre utrulege historier, mellom anna om den homofile jøden og den tidlegare nazisten som har funne kvarande bakom murane (via).

15.01.2008

... vanskeleg for å tru

Fotballhelten Cristiano Lucarelli vender heim til Italia. For å spela for Parma... Det er nesten til å grina av. Meir hjå Partigiani Livornesi Scandinavia

...sletta

Eg sletta alle bloggane eg hadde lenkja til. Eg orka ikkje gå gjennom og sjekka kva lenkjer som funka og ikkje. I framtida kjem eg til å lenkja opp bloggar etter kvart som eg skriv om dei.

...lasta ned og redigert bloggen min med

Eg er jo ein av desse som snakkar mykje positivt om fri programvare og open kjeldekode og slikt. Nett no skriv eg i Windows Live Writer - det er ein veldig fin bloggredigerer. Du kan lasta ned Live Writer, Live Photo Gallery og Live Mail her.

...starta på nytt

Eg prøver igjen. Ny start på bloggen. Eigentleg er det jo fjaseboka og anna som har teke over for blogginga, men no som blogging er skikkeleg uhipt er det kanskje på tide å ta det opp att.