14.04.2008

...sett på gamleskulen

Eg var på førestillinga Veitvet Story 2 i kveld, og såg kusina mi opptre. Førestillinga er del av fering av femtiårsjubileumet til Veitvet skule. Det er faktisk utruleg imponerande kva elevane har fått til, med god hjelp frå lærarar, foreldre og andre. Mellom anna Det Norske Teatret! Jammen dansa dei ikkje til Nordmannen også - i ein miks med bollywood-musikk. Ein annan ting som gledde meg var at denne gongen dansa norske jenter med dei indiske jentene i ein indisk dans. Og så var et veldig flott når eit av versa i Du skal få ein dag i mårå plutseleg vart sunge på spansk. Det som trekte litt ned for meg var at eg måtte høyra på talar frå både Torger Ødegaard og Astrid Søgnen.

Eg fann også klassebiletet mitt frå 9A hengande på veggen - det var litt av eit gjensyn!