21.05.2006

Operautsmykking

Jaja, dei diskuterer om det skal vera norsk marmor eller slikt nede i Bjørvika. Meir spanande nett no er graffititevlinga til programvaremakarane Opera. Tiram har alt skrive om det, men no har brukarane på fark.com kome opp med ein del idear.

19.05.2006

Internasjonal merksemd om bursdagen min

Festen var bra, god grillmat, mykje øl og bursdagssong på Lompa. Ikkje rart ein skotsk blogg dokumenterte hendinga.

08.05.2006

Staving

Orsak, Olaug Nilssen. Eg har stava namnet ditt feil i lenkelista til høgre. Men eg får så mange treff på feilskrivinga av namnet ditt at eg let det stå, og så kan eg leia folk rett veg.
Bursdag

Eg har snart bursdag, og har invitert mange av lesarane alt. Dei som ikkje har fått invitasjon på SMS i kveld får kanksje ein på epost, og om du ikkje har fått korkje SMS eller epost så send ein til meg. SMS eller epost, altså.

Folk spør kva eg ønskjer meg, og det er vel ikkje stort... Eg set pris på alt mogleg, eg. Gjerne ei bok du/de tykkjer eg bør lesa. Og teikneseriar... Kanskje noko kult ekstrautstyr til iPoden min, ein 30gb femtegenerasjonsutgåve. Slik som har video. Og som sagt, eg er glad i gåver. MEN: om du ikkje skulle finna på noko, eller kanskje tilogmed ikkje kjenner meg, så hadde eg vorte veldig glad for kvar gåve til Helselaget til Nepal. Dei har alt fått inn 25 000 kroner, og det er halvvegs til målet på 50 000. Du kan gje pengar ved å setja inn på kontonummer 60450915745, adressa er Helselag til Nepal, c/o Johan Petter Andresen, Markveien 18, 0554 Oslo. Meld gjerne frå i kommentarfeltet om du har gjeve ei gåve som fylgje av denne oppmodinga!

06.05.2006

Bøker eg har mista

Eg mista nettopp boka Gangs av Tony Thompson, med berre to, tre kapittel att. Det var ein svært interessant bok om alle sider ved gjengkriminalitet i Storbritannia. Eg kom til å tenkja på andre bøker eg har mista.

I tilfelleleg rekkefylgje...

Tiger Bay av Jon Michelet mista eg i garderoben på Fellesmeieriet i Oslo. Det var ein veldig spanande bok, men eg veit altså ikkje korleis den sluttar.

AKP-kontoret har eg lagt att Dark Light av Ken MacLeod. Den var, som alle bøker eg har lese av MacLeod, vanskeleg å koma inn i, slik at eg ikkje saknar den så veldig. Den er nummer to i ein serie, og den første boka var veldig god. Eg tilrår alle som er glad i politisert vitskaps-fiksjon (heh..) å lesa honom.

Ei bok eg verkeleg saknar er Military art of people's war av General Giap. Den mista eg i ein pose med anna litteratur om geriljakrigføring og folkekrig.

Det var berre nokre eg kom på no. Om nokon skulle finna desse bøkene, legg att ei melding i kommentarfeltet!

02.05.2006

Ja!!! Lucarelli blir i Livorno

Lucarelli: voglio restare a Livorno

Å, no vart eg glad!
Pust, pes

Eg har arbeidd med landsmøtet til Noregs Mållag i det siste, og difor ikkje blogga noko serleg.

Men snart kjem det vel noko nytt her på sida.