09.08.2006

Vålerenga Cricket Club

I dag speler Noreg finale i cricket mot Jersey. Det vert spanande å sjå om Noreg kjem opp i andre divisjon. Eg har tenkt lenge at Vålerenga burde ha ei cricketavdeling, og ved eit reint tilfell fann eg ut at det alt er ein klubb som kallar seg Vålerenga Cricket Club.

Eg voner dei kan verta ein del av Vålerengens Idrettsforening. Det ville vore bra for cricketidretten, for interessa blant nordmenn, for å få fleire med innvandrarbakgrunn interesserte i Vålerenga.

Kanskje eg tilogmed kjem meg på ein kamp med VCC...

08.08.2006

Ambri



Det sveitsiske hockeylaget Ambri har ein liten, varm plass i mitt hjarta. Ambri er ein liten landsby i Sveits, med nokre få hundre ibuarar. Likevel har dei eit hockeylag med mange tusen tilskodarar, og som har vore i dei to øvste divisjonane i sveitstisk hockey sidan grunnleggjinga av klubben i 1937.

Eg nemner klubben i dag fordi supportarane hadde opp eit banner med støtte til Palestina og Libanon i ein treningskamp på laurdag som var.

Supportarar frå Ambri var også på laget eg spelte på i Mondiali Antirazzisti, og jammen var ikkje to av dei med på kampen mot Mlada Boleslav i Tsjekkia.

07.08.2006

Det nordiske biblioteket i Frankrike

Dette hadde eg aldri høyrt om før. Den største samlinga av nordiske bøker utanfor norden er i eit bibliotek i Paris.
Og dei veit korleios dei skal lokka besøkande - i opplistinga av brukarar avsluttar dei med:
jeunes filles au pair qui viennent y chercher le dernier roman paru.
(Unge au pair-jenter som leiter etter dei nyaste romanane.)

24.07.2006

Bilete frå antirastistisk VM i Montecchio, Italia

(Blogger slit litt med å visa bilete nett no, skal fiksa opp posten seinare.)

Her er plassen eg sov, det er bagasjen min som ligg midt på biletet.

Dette er laget eg spelte på, Rabiosos frå Lausanne.

Her kan du sjå fleire bilete:
Süd-Zecken (St. Pauli)
Rabiosos, FC Lausanne
Ultrá St. Pauli
Blödes Volk (St. Pauli)

Løgn og hykleri

Stadig er det folk som seier at den store skilnaden på Israel og motstandarane deira er at israel ikkje medvite går til åtak på sivile. At dei slepp undan med slike påstandar er vanskeleg å fatta. Forsvars(?)sjefen i Israel, general Dan Halutz seier det slik: - For hver rakett Hizballah avfyrer mot Israels tredje største by, kommer vi til å bombe ti bolighus i Beirut.

NTB kan melda om Israelsk angrep mot Røde Kors-ambulanser

Trur nokon at dette kjem til å endra oppfatningane eller propagandaen frå Israel-venene?

21.07.2006

Ting eg har lært I

Dette er ting eg har lært på den siste reisa mi til Italia.

1) Det er dumt å ikkje ha PIN-koden til VISA-kortet sitt, særleg når det ikkje går an å¨bruka vanleg postbankkort i utanlandske bankautomatar lenger.
2) Det er dumt å bruka opp det mykje av det lille ein har av EURO på snus i Sverige.
3) Western Union er utroleg raske til å overføra pengar om ein har ei snill mor som kan ordna opp.
4) Italienske bankar er svært lite samarbeidsviljuge. (Dette visste eg frå før, men lærte leksa på nytt.)
5) Søndag ettermiddag i Livorno same kveld som Italia spelar finale i fotball-VM er ikkje noko tidspunkt å leita etter ein stad å eta eller sjå fotball. I praksis var alt stengt. Eg såg VM-finalen med innehavaren av ein kaffebar, kona hans, ein fyllik, ein prostituert og ein ti år gamal kinesisk gut som stappa i seg potetgull. På ein hytte-TV. I tillegg tok sjølvsagt ikkje innehavaren VISA, så eg måtte tigga til meg ein øl for dei siste EURO-myntane eg hadde.
6) Italienarar elskar å råkøyra på moped. Eigentleg ikkje nytt det heller, men det var moro å oppleva det når dei feira VM-gullet.
7) Ein bruker mykje meir pengar på vatrn og internettkafear enn ein skulle tru før ein legg ut på ei reise.
8) Stol aldri på italienske bussjåførar som seier 'ja' når du spør om bussen går dit du skal.
9) Du kan ikkje stola på nummeret på bussen eller på rutetabellen heller.
10) Det er mogleg å pruta på hotellrom. Eg fekk eit rom som kosta 100 E for 60 E berre ved å løfta opp bagasjen min for å gå. Eg skulle nok ha pruta meir.
11) Det er deileg å riesa åleine. Ein kan gå så lenge ein vil i gatene, ein kan eta kor ein vil, ein kan ta ein siesta når ein vil. Lange togturar kan ien bruka på å lesa eller å snakka med medpassasjerar.
12) Det er vanskeleg å snakka med kvite pensjonistar frå Sør-Afrika. Eller, dei var venlege og hyggelege, men eg angra veldig på at eg sa at sørafrikanske Mbulele Mabizela på Vålerenga var udisiplinert og lat før han kom til Enga. "Ja du veit, det er slik dei er, det."
13) Eg klarer ikkje drita på dassar som berre er eit hol i golvet. Det gjer nok store delar av verda utilgjengeleg for meg. Det er mogleg det går betre på dassar som ikkje pissa og drite ned av fulle fotballsupportarar.
14) I Italai sel dei 95% sprit på supermarknaden i fem-litersdunkar.

Lenin-statue observert


Ok, så var det meir som ein byste då. Men den stod på eit torg i den vesle byen Cavriago i provinsen Reggio-Emilia i Italia. Og i Italia finst det berre to Lenin-statuar, i alle fall i fylgje denne lista. Bakgrunnen for at Cavriago har ein Lenin-statue er at dei i 1920 eller deromkring valde Lenin til æres-ordførar. Så fekk dei ei byste frå SUKP(b) som takk. I 1970, hundreåret for at Lenin vart fødd, sette dei bysta opp på torget der han står no, med ny plakett og greier. Eg var der med fotballsupportarar frå tyske St. Pauli og italienske Civitanova.