13.03.2006

Dei gode ideane som aldri vart til noko... I

Denne historia til Elvis Bling minner meg om den gongen eg og han skulle starta ein rottepanikk i Oslo. Det hadde gått nokre år etter ei rekkje store oppslag om alle rottene i hovudstaden, men så høyrde vi ikkje meir om dei... Vi sette oss ned for å skriva falske lesarinnlegg om at vi hadde sett rotter som organiserte seg i noko som likna militære formasjonar. Så skulle vi fylgja opp med historier frå andre som hadde sett det same. Det fyrste lesarinnlegget kom aldri på trykk - eg hugsar ikkje kva avis vi sende til. Og kva kan vi læra av det? Jo, no kan ein starta slike panikkar i bloggane sine. Og eg legg merke til at det er ein del slike panikkbloggarar der ute...

1 kommentar:

Elvis Bling Laden sa...

jøss! Dette har jeg ikke tenkt på siden dengang da, er jeg redd. Men det er jo fortsatt en fantastisk idè. Hva gjør politiet med rotteneproblemet?