21.07.2006

Ting eg har lært I

Dette er ting eg har lært på den siste reisa mi til Italia.

1) Det er dumt å ikkje ha PIN-koden til VISA-kortet sitt, særleg når det ikkje går an å¨bruka vanleg postbankkort i utanlandske bankautomatar lenger.
2) Det er dumt å bruka opp det mykje av det lille ein har av EURO på snus i Sverige.
3) Western Union er utroleg raske til å overføra pengar om ein har ei snill mor som kan ordna opp.
4) Italienske bankar er svært lite samarbeidsviljuge. (Dette visste eg frå før, men lærte leksa på nytt.)
5) Søndag ettermiddag i Livorno same kveld som Italia spelar finale i fotball-VM er ikkje noko tidspunkt å leita etter ein stad å eta eller sjå fotball. I praksis var alt stengt. Eg såg VM-finalen med innehavaren av ein kaffebar, kona hans, ein fyllik, ein prostituert og ein ti år gamal kinesisk gut som stappa i seg potetgull. På ein hytte-TV. I tillegg tok sjølvsagt ikkje innehavaren VISA, så eg måtte tigga til meg ein øl for dei siste EURO-myntane eg hadde.
6) Italienarar elskar å råkøyra på moped. Eigentleg ikkje nytt det heller, men det var moro å oppleva det når dei feira VM-gullet.
7) Ein bruker mykje meir pengar på vatrn og internettkafear enn ein skulle tru før ein legg ut på ei reise.
8) Stol aldri på italienske bussjåførar som seier 'ja' når du spør om bussen går dit du skal.
9) Du kan ikkje stola på nummeret på bussen eller på rutetabellen heller.
10) Det er mogleg å pruta på hotellrom. Eg fekk eit rom som kosta 100 E for 60 E berre ved å løfta opp bagasjen min for å gå. Eg skulle nok ha pruta meir.
11) Det er deileg å riesa åleine. Ein kan gå så lenge ein vil i gatene, ein kan eta kor ein vil, ein kan ta ein siesta når ein vil. Lange togturar kan ien bruka på å lesa eller å snakka med medpassasjerar.
12) Det er vanskeleg å snakka med kvite pensjonistar frå Sør-Afrika. Eller, dei var venlege og hyggelege, men eg angra veldig på at eg sa at sørafrikanske Mbulele Mabizela på Vålerenga var udisiplinert og lat før han kom til Enga. "Ja du veit, det er slik dei er, det."
13) Eg klarer ikkje drita på dassar som berre er eit hol i golvet. Det gjer nok store delar av verda utilgjengeleg for meg. Det er mogleg det går betre på dassar som ikkje pissa og drite ned av fulle fotballsupportarar.
14) I Italai sel dei 95% sprit på supermarknaden i fem-litersdunkar.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg syns hull i gulven er helt OK jeg. men et poeng at det er rent, ja...

Magnus sa...

Eg forstod ikkje kor eg skulle gjera av buksa, for ekspempel. Korleis unngå at den sig ned i golvet?

Eg gjekk på ein kafé når eg måtte.

Ragnhild sa...

Hahaha! Dette var særs interessant lesnad. Høyrest ut som om du har hatt ein lærerik tur. Skal til Roma i september, og VISA-kortet er det aller viktigaste eg skal ta med meg (som overalt elles). Det er det einaste bankkortet eg har, noko som òg sjølvsagt gjer det heilt uunnverleg.

Anonym sa...

du holder buksene oppe. rett og slett. ikke vanskelig.

Fjeldstad sa...

til det med pruting. Alt går jo ann å prute ned til brøkdeler av prisen, men det er bare oss skandinavier som er så usikkre og lite diskusjons glade at vi aksepterer det selgeren sier.....

(Hadde bare arbeidsgivere vært sånn når vi krevde lønnsøkning)