Jon Kvalbein har ein av kommentarane sine i Aftenposten i dag. Eg var arg og snakka med mat i kjeften då eg las den under lønsjen. Kva var det som gjorde meg så sint? Vel, eg reagerer på korleis han stiller heile saka om vitskap og tru på hovudet. Kvalbein skriv at det er forskarar og folk med eit vitskaps-basert verdsbilete som uttalar seg skråsikkert om korleis livet, universet og alt er vorte til. Men det er jo ikkje slik det er: vitskapsfolk seier at dei ikkje veit korleis og kvifor, men at dei held på med å finna det ut. Kvalbein derimot, han er vorten fortalt av Gud korleis ting heng saman. Han er skråsikker. Han treng ikkje stilla spørsmål - svaret vert i alle høve at "Gud gjorde det".
Ein god stereotyp, venstrebloggar skal alltid åtvara mot "amerikanske tilhøve", og denne gongen er det eit godt høve til det. Det er nett vedteken ei lov i Oklahoma som seier:
A school district shall treat a student’s voluntary expression of a religious viewpoint, if any, on an otherwise permissible subject in the same manner the district treats a student’s voluntary expression of a secular or other viewpoint on an otherwise permissible subject and may not discriminate against the student based on a religious viewpoint expressed by the student on an otherwise permissible subject.
Altså om kritikarane tolkar lova rett, så er det slik i Oklahoma at om religionen din seier at jorda er 6000 år gamal, så skal du få rett på det i ein prøve i naturvitskap.
Kvalbein skriv: "En åpen vitenskapelig holdning kan ikke se bort fra at universet kan være skapt.". Nei, ein open vitskapleg haldning kan ikkje det. Men ein slik påstand krev prov, den må verta underbygd med empiri. Det har ikkje Kvalbein - han syner berre til at Gud har sagt at det er slik. Og ingen med ei open, vitskapleg haldning kan godta det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar