21.02.06

Svar på spørsmål I

Gamle Gudrun har stilt nokre spørsmål:

1. Kvifor er du so glad i Smiths? (Eg vonar ikkje du har slutta å vera det, då)

Hmmm... Eg hugsar fyrste songen eg verkeleg likte, Panic. Det er mogleg den verkeleg sa noko til meg om mitt liv... Då var eg 11 år, og det var berre nokre månader til The Smiths gjekk frå kvarandre. Neste år har eg altså 20-årsjubileum som Smiths-fan. Eg trur at grunnen til at eg liker dei så godt framleis er rein nostalgi, tilbake til den gongen ein oppdaga musikk som betydde noko. No er det mest som lydkulissar.

2. Er det sant at alle gamlismålungdomar (slike som meg og deg) har gått over til å vera tospråksfolk, og høyrest ut som me jobbar i kulturdepartementet?

Eg er ikkje vorte tospråksmann, men det finst sikkert dei som er usamde med meg om det. Eg høyrest vonleg ikkje ut som om eg jobbar i kulturdepartementet. Eller, det er ikkje sant, eg har ikkje heilt grep om korleis dei høyrest ut der. Kan du gje eit døme?

3. Gler du deg til du skal ha 30-årsfest? Det gjer eg.

JA! Eg hadde tenkt å ha den på dagen, men no har noko anna kome opp same kvelden, så eg må vurdera om eg skal flytta feiringa til dagen etterpå. Men det vert ein kjempefest, og alle som nokonsinne har kjent meg bør rekna seg som inviterte.

5 kommentarer:

Ragnhild sa...

Hei Magnus! Er det den 14. mai du har bursdag? Den dagen skal eg på konsert med Belle og Sebastian, så eg vonar du feirar ein annan dag. Elles skal eg på konsert med Morrissey i april!!! :-) Skal du?

Magnus sa...

Eg liker ikkje å skriva opp bursdagen min på nettet. Men det er ikkje den fjortande... Eg skal på Morrissey-konsert, ja!

Magnus sa...

Faen, Morrissey er heilt utseld... Ein kan vinna billettar her:
http://quiz.dagbladet.no/quiz.html?quiz_id=378

Gamle Gudrun sa...

Tusen takk for svar på alt eg lurte på! Det er ein liten sjanse for at eg òg skal på konsert, om eg får billett i bursdagspresang av bror min.

Magnus sa...

Då er det berre å koma med fleire spørsmål, folkens.