Om taparkultur, rasisme og fotball
Christian skriv veldig godt om den nye FIFA-regelen som påbyr handhelsing mellom spelarane som ledd i kampen mot rasisme. Sepp Blatter har jo tidlegare gått inn for å spela landskampar utan flagg og nasjonalsongar som del i kampen mot rasisme og nasjonalisme. I tillegg har no Noreg, etter det eg kan forstå, innført ein regel om at lag kan trekkjast i poeng, og i verste fall flyttast ned ein didivisjon, om publikum kjem med rasistiske utrop. Dette er ei noko anna sak enn det Christian nemner, men eg meiner det er fårleg å gjera oppførselen til tilskodarane så avgjerande. Eg meiner det er mykje betre å tvinga klubbane til å spela kampar utan publikum i slike tilfelle. Om det skulle skje at eit lag ikkje vinn serien på grunn av at nokon av tilskodarane har ytra seg rasistisk trur eg ikkje det vert ein god dag for antirasismen. tvert i mot trur eg det vil provosera fram motreaksjonar. I tillegg er eg redd for den stadig aukande overvakinga og kriminaliseringa av supportarane. Og nei, eg liker ikkje rasistiske kommentarar frå pulikum. Eg hatar det. Men eg trur poengtrekk og nedflytting er å gjera antirasismen ei bjørneteneste.