24.05.2006

Ibsenåret

Eg innrømmer det gjerne, eg kjenner ikkje Ibsen. Ikkje godt, i alle fall. Eg har sett eitt stykke på Nationalteateret ein gong for lenge sidan. Eg skulle gjerne sett meir. Og så tenkte eg at i år skulle det skje - no skal eg få med meg nokre oppsetjingar. Men det skjer så mykje at eg vert forvirra, og så har eg tenkt at eg ikkje gidd å sjå på rare, moderne tilpasningar, eg vil ha skikkeleg teater, lissom. Det var ikkje lett å forstå kva dei ulike oppsetjingane på ibsen.net er for noko. Kan nokon koma med tilrådingar? Kva bør eg sjå?

Så må eg seia at eg vart ganske provosert over kommentaren til Ingunn Økland i Aftenposten på tysdag:
Feiringen av 100-årsdagen for dikterens død er definitivt mer moderat. Alle som fryktet at Ibsen-året skulle bli en orgie i selvfornøyd nasjonalisme, kan i grunnen puste lettet ut i dag. De viktigste norske bidragene så langt har et klassisk kvalitetsstempel - fra det vitenskapelige verket "Henrik Ibsens skrifter" til Toril Mois ambisiøse nylesning av sentrale skuespill i "Ibsens modernisme". Boken utkommer på Oxford University Press senere i sommer. Den nynorske "Peer Gynt"-oppsetningen regissert av Robert Wilson har fått mer enn 30 nye invitasjoner etter det internasjonale gjennombruddet i New York.


Med andre ord: Ibsen-året er vorte som markeringa av 1905-jubileumet. Moderat, avdempa og med kvalitet for dei få - helst i utlandet. Kanskje det ikkje er så ille som det eg les ut av Øklands kommentar, men det seier i det minste nko om korleis delar av den såkalte kultureliten tenkjer. Og eg vil ikkje ha noko folkeleg, tilgjengeleggjort Ibsen, eg vil berre ha høve til å sjå stykka hans. Gje meg heller orgiar i nasjonalisme enn kulturelitistisk moderasjon.

Her er ein tekst av Ivar Digernes om Ibsenjubileumet i 1956:
Omkring Ibsenjubileet

Og her kan ein lesa Friedrich Engels' klassiske kommentar om Ibsen og skilnaden på norske og tyske bønder:
Engels to Paul Ernst

3 kommentarer:

Anonym sa...

Heilt samd! Desse nyoppsetjingane føreset at sjåarane kan sin Ibsen. Og det kan ikkje eg. Difor skjønar eg ikkje kva som er att av Ibsen i stykket.

Såg ein av novellefilmane på fjernsyn ein kveld. Eg har ikkje noko å utsetje på filmen, men eg vart nyfiken på kva han hadde med Ibsen å gjere. Likevel ikkje nyfiken nok til at eg gadd oppsøkje boka og lese ho.

Å forvente at sjåarane kan mykje på førehand er det motsette av folkeleg, vil eg hevde. Det er derimot elitistisk.

Magnus sa...

Eg er sjølvsagt for alle moglege eksperiment og variasjonar. Det er ikkje det.

Lars sa...

Dette var en virkelig fin post Magnus.

Hvis du skal velge bare et stykke ville jeg gått og sett Hedda Gabler. Det er lenge siden jeg leste Ibsen - gjorde meg "ferdig" med det da jeg var 16-17, men jeg husker fortsatt at jo senere han skrev jo bedre ble det. Men har du ikke sett vildanden er det også et must.