16.10.2006

Politisk identitet...

Brage utfordra meg til å svara på nokre spørsmål... Spørsmåla står på bokmål.

1) Politisk ideologi du forfekter?

Eg kjenner ikkje at det er rett å kalla det "ein ideologi". Eg er kommunist, antiimperialist, kan godt kalla meg maoist. Kva meining det gjev er eg ikkje sikker på. eg meiner mykje som ikkje høver med kva mange meiner er innhaldet i desse tankeretningane.


2) Politisk ideologi du forakter mest?


Eg ser at mange svarar sosialdemokratiet her... Det tykkjer eg er tåpeleg. Sosialdemokratiet, og utsuginga av folk i tredje verda, har gjort den norske arbeidarklassen til den mest nøgde i heile verda. Levestandarden - og livskvaliteten også - er utan sidestykke. Det er sjølvsagt mykje gale med sosialdemokratiet, men eg meiner verkeleg ikkje at det er det eg foraktar mest.

Eg må vera så keisam at eg seier fascismen.

3) Materialist eller idealist?

Beinhard materialist. Vonar eg.

4) Plikt- eller konsekvensetikk i politikken?

Eg er vorte kalla sinnelagsetikar, som eg forstod slik at ein gjer det ein meiner er riktig, sjølv om det kan ha uheldige konsekvensar. Tilgje meg om eg ikkje har alle desse etikkvariantane klårt for meg.

5) Politisk oppvåkning?

Det var i ung alder. Eg vart tidleg veldig arg på rasisme og rasistiske overgrep. Eg var også oppvaksen med politikk rundt meg, så det var ikkje vanskeleg å verta aktiv. Det første eg gjorde politisk var å selja blomar og anna på gata til SOS Rasisme, trur eg det var. Då var eg vel 11 år gamal. Eg vart aktiv i Unge Pionerer i den alderen, men melde meg inn i Raud Ungdom då eg var 13.


6) Politisk detour?


Eg rekna meg som venstreliberalist ein gong i tida, og mange av haldningane mine er påverka av det framleis.


7) Enkeltperson som påvirket deg politisk?


Bestemor. Goffen og alle eg arbeidde med i ungdomsskolelaget i Raud Ungdom.

8) Bok som påvirket deg mest politisk?

Skriftställningarna til Jan Myrdal.

9) Største bristen i den politiske ideologi du forfekter?

Ein seier at ein vil at folket skal styra, men klarar ikkje å overtyda folket om korleis dei burde gjera det.

10) Viktigste politiske enkeltsak?


Kampen mot imperialismen. Og det tyder ikkje berre å vera i mot George Bush.

Dei som kjenner seg kalla kan svara på spørsmåla.

1 kommentar:

Målmannen sa...

Eller som Håkon Kolmannskog vilde ha sagt det, "Æ e itj marxist, æ e maoist!"