16.10.2006

TV

Eg har funne ut at eg liker gode tv-seriar betre enn filmar. Tv-serier fortal gjerne ei historie ferdig på ein time, samstundes som dei har underliggjande plott som varer lenger enn det. Av dei seriane som går på norske kanalar ser eg for tida på Rome, Presidenten og dei diverse byutgåvene av CSI, pluss Entourage på svensk tv. Det er berre Rome eg *må* få med meg. I det siste har eg innsett at det er mogleg å fylgja med på tv via ymse vis på internett. Eg vil tilrå folk å sjå Studio 60 on the Sunset strip og Heroes. Studio 60 er laga av dei same folka som stod bakom Presidenten, og handlar om folk som løper frå møte til møte medan dei snakkar med kvarandre. Dei er vittige, vakre og veltalande. Men no lagar dei ikkje politikk, men skriv vitsar. Handlinga er frå eit tv-show som liknar veldig på Saturday Night Live. Om du liker Presidenten vil du lika denne serien, serleg ettersom du ikkje vert lurt til å heia på demokratane.

Ei anna serie det er verdt å få med seg er Heroes. Det er ei serie om mutantar som sakte men sikkert oppdagar superkreftene sine. Eg liker den veldig godt. Om du liker X-men og superheltar må du sjå denne serien.