11.01.2012

Det skulle vore tiårsjubileum

Eg byrja blogga i januar 2002. Då var det ikkje fleire bloggar i Noreg enn at Bjørn Stærk kunne føra eit fullt oversyn over alle norske bloggar. Då han avslutta registreringa var det berre litt over tretti bloggar på lista hans.

Eg blogga ganske mykje det fyrste året, med i snitt eitt innlegg om dagen. Sidan gjekk det i bylgjer fram til eg gav heilt opp i 2008. Facebook og andre sosiale media tok over for mykje av det eg dreiv med, korte kommentarar til saker eg elnkja vidare til. Det var også slik at eg aldri heilt kjende meg heime i bloggsfæren eller bloggmiljøet, og i alle fall ikkje etter kvart som blogg vart synonymt med blond fjortis i det offentlege medvitet.

No, ti år etter at eg fyrste gong laga blogg, fekk eg lyst til å prøva på nytt. Vi får sjå korleis det går.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Veldig bra, Magnus.

Eg liker blogg fordi dei er "laust" nettverka, og skribentane må arbeida for å laga noko som liknar på heilskaplege tekstar. Det er ikkje noko "miljø" lenger, trur eg - bortsett frå blogg.no - miljøa vert konstruerte på Twitter og IRL. Det er berre eit personleg CMS ;-)

Simon sa...

Kult å sjå aktivitet her. Igjen lagt til nyhendelesaren min.