12.01.2012

Spådomar


Side3 har ein artikkel om spådomar John Elfreth Watkins gjorde i 1900, og som er publiserte her. Spådommar er vel ikkje det rette ordet. Etter det Watkins sjølv skriv bad han vitskapsfolk og andre lærde om å skriva fram tendensar i sine eigne fagområde hundre år. Med andre ord, han bad om hjelp til å skriva science fiction. Dette vert presentert som “Klarsyn” i Side 3. Vi vil vel ikkje kalla Jules Verne klårsynt, sjølv om han såg føre seg kor Kennedy Space Center kom til å liggja.
I artikkelen går uttrykk som “skremmende nøyaktighet forutså John Elfreth Watkins nåtiden” og “traff blink på skummelt mange punkter” igjen. Ut frå det eg les ser Watkins ut til å ha vore god til å sjå på samtida si og gissa seg fram til korleis utviklinga vill gå vidare. Watkins ser at ein kan overføra fotografi over korte avstandar. Det er dimed ikkje usannsynleg at ein om hundre å kan overføra fotografi frå Kina på under ein time. Legg merke til at han etter det eg kan sjå ikkje nemner datamaskinar, men ser for seg at dåverande teknologi som kamera, telefon og fonograf vert knytt saman i eit verdsfemnande nettverk.
Det er ikkje rart om ein trudde at USA skulle utvida seg med Nicaragua og Mexico i 1900. USA hadde ekspandert valdsamt det føregåande hundreåret, og ei framskriving av den tendensen ville vore at Mellom-Amerika vart del av USA. Det ville kanskje vore ein betre spådom å seia at etter anneksjonen av Hawaii aukar ikkje territoriet til USA nemneverdig. Då hadde Watkins peika på noko som var i strid med utviklinga elles.
Artikkelen i Side3 (og originalen til BBC) gjer eit stort poeng ut av at han spådde at tog ville koma opp i 240 km/t, og at togruta mellom Boston og Washington DC som opna i 2000 hadde den farta. Her grip journailistane fatt i vilkårlege fakta for å framstilla saka meir ‘skummel’. Eksakt hundre år etter ein artikkel opnar ei tilfeldig togrute med ein hastigheit som har vore nådd mange år før på andre strekningar. Og Watkins føresåg ikkje dei verkeleg raske toga! DIverre tok han feil i at togreisa mellom New York og San Francisco skulle ta 36 timar. Ein må nok rekna med det dobbelte.
Spådommane til Watkins er artige eksempel på kor gale ein kan koma ut om ein freister å nytta vitskap til å føreseia framtida. Dei er berre skremmande om ein trur at Watkins hadde overnaturlege krefter, og om ein samstundes overser at han bomma i dei fleste av spådommane sine. Watkins hevdar som sagt ingen stad at han er klårsynt. Det er det Side3 som gjer.

Oppdatering: Side3 har endra "Klarsynt" til "Traff blink". Det var ei god korrigering.

Ingen kommentarer: