21.01.2008

...skrive under på

Eg skriv under færre og færre opprop kjenner eg, men no tok eg fram oppropsunderkriftspennen att. Erik Haugan har sett i gang eit opprop om klimapolitikk eg kjende meg veldig att i. Les oppropet, og skriv under!

...tenkt på i helga

Eg las kronikken til Jan E. Hansen om striden ved Roma-universitetet La Sapienza, der store protestar førte til at paven valde å ikkje halda ei førelesing. Eg reagerte veldig på at Hansen aldri nemnde kva motstandarane av pavebesøket protesterte mot.

Bakgrunnen var altså at Benedikt XVI i Parma i 1990 - den gongen som kardinal - siterte filosofen Feyerabend, som sa dette om Galileo:

‘At the time of Galileo, the church stayed much truer to reason than Galileo himself. Galileo’s trial was rational and just’. (eng.) / (it.)

At vitskapsfolk reagerer på denne utsegna er fullt forståeleg. Jan E. Hansen har berre dette å seia om professorane og dei andre vitskapleg tilsette som protesterte:

Lærere som av ideologiske grunner ikke ønsker å diskutere etikk eller kulturkonflikter med paven i universitetets lokaler, er ganske sikkert fagfolk uten ekte undervisnings- eller forskningstalent. I dette talentet ligger kommunikasjonsevne - ja, saktens også behov for kunnskapsutfordring. Uten disse egenskapene har en lærer ingen mulighet til å vinne gehør hos elever og studenter.

Så. Eg forstår altså protestane. Eg meiner likevel at i denne saka spelte ein ballen rett i fanget på motstandarane sine, eller til Jan E. Hansen for den del.

Det er ikkje rett å nekta paven å tala på eit universitet. Eg ville nok valt ein annan person til å opna studieåret. Eg tykkjer heller ikkje talen Ratzinger hadde tenkt å halda var så veldig interessant.

20.01.2008

...ledd av i dag

NA24 har eit oppslag om ein japansk 16-åring som har svingt seg på byen, utan å ha pengar å betala med. Nokre utdrag:

En ung japansk tenåring på 16-år lot som han var en velstående playboy brukte 1.700 pund, om lag 18.000 kroner, på drikkevarer på en bar ved Tokyo,

Men når regningen skulle betales fortalte den unge spanderbuksen at han ikke hadde noen penger.

De ansatte ringte dermed politiet som ble arrestert mistenkt for svindel.

De ansatte skal ha blitt sjokkerte da de fikk vite om alderen til gutten da han virket eldre enn alderen skulle tilsi.

Det står att to setningar i notisen etter at eg klypte ut desse... Er det i det heile nokon som har lese denne saka før den hamna på nettet? Den er til og med oppdatert ein gong, eg undrast på korleis den såg ut i utgangspunktet.

...lyst til å ha på veggen

Norsk omsetjing, etter beste evne: "Kommunismen min fungerer berre åleine. Splitting - eg tykkjer det eigentleg er veldig bra!" via

...på 7" og 12" og ikkje har høyrt på mange år

DJ Paul T frå Oklahoma legg ut gode gamle 12"ar frå åtti- og nittitalet - med alle remiksar, a cappella- og instrumentalversjonar intakt. Eg fann fleire eg har på vinyl frå før, men eg har jo ingen platespelar kopla til anlegget for tida. Jody Watley: Most of All, New Order: Fine Time, Sheena Easton: 101, Sheila E.: The Belle of St. Mark.

Han har ein Olivia Newton-John-blog også, men den har eg ikkje sett på.