26.05.2006

Fred Flint

Eg svitsja innom ein Fred Flint-film på tv i går. Då kom eg til å tenkja teiknefilmane eg såg på då eg var liten. Var dei eigentleg noko morosame? Eg kan berre hugsa at eg tykte det var moro med dinosauren som var søppelkvern (eit produkt eg alltid misunte amrikanarar på film), og at alle namna hadde med stein å gjera. Men var det nokonsinne nokre gode poeng eller anna moro i teiknefilmane? Eg trur ikkje det.

25.05.2006

Keisamt frå Skirbekk

Då eg las kronikken til Gunnar Skirbekk i Dag og tid på laurdag sukka eg over kor tåpeleg det er å bruka to sider på å klaga over at folk han ikkje namngjev ikkje seier det same offentleg om islam som dei seier i middagsselskapa. Ikkje siterer han dei direkte heller. Eg tenkte med meg sjølv at det kanskje var slik det ofte er med gamle menn - folk jattar med og seier, jaja, det er sant det, jo, skal vi ta ein knert til, jaja, nei no må eg nok gå. Altså, kanskje dei verkeleg ikkje meiner ting så sterkt som Gunnar seier.

I Klassekampen vart han intervjua om kronikken sin, der han presterer denne flyttinga av målstengene:
Klassekampen: "Mindretallet hjemme kan jo også være i flertall ute. Det er 1,2 milliarder muslimer på verdensbasis. Hvor mange protestanter er det? spør han."

Kva i alle dagar? Det er omtrent like mange katolikkar som sunniar, og fleire protestantar enn sjiar. Og dei ortodokse kristne er langt fleire enn sufiane. Om vi tel kristne og musllimar er det langt fleire kristne. Men ved å dela opp dei kristne syner det seg at det er dobbelt så mange muslimar som protestantar.

Vel. Det som ergrar meg er at Skirbekk skal slå ut mot alle andre som visstnok held kjeft, utan at han kjem med anna enn at "det offentlege ordskiftet, om dei prinsipielle spenningane mellom politisk islam og modernitetens utfordringar, alt i alt er påfallande tamt og tannlaust." Ja, og kva meiner du då?

Fjerning av morsmålsopplæring, kanskje.

24.05.2006

Ibsenåret

Eg innrømmer det gjerne, eg kjenner ikkje Ibsen. Ikkje godt, i alle fall. Eg har sett eitt stykke på Nationalteateret ein gong for lenge sidan. Eg skulle gjerne sett meir. Og så tenkte eg at i år skulle det skje - no skal eg få med meg nokre oppsetjingar. Men det skjer så mykje at eg vert forvirra, og så har eg tenkt at eg ikkje gidd å sjå på rare, moderne tilpasningar, eg vil ha skikkeleg teater, lissom. Det var ikkje lett å forstå kva dei ulike oppsetjingane på ibsen.net er for noko. Kan nokon koma med tilrådingar? Kva bør eg sjå?

Så må eg seia at eg vart ganske provosert over kommentaren til Ingunn Økland i Aftenposten på tysdag:
Feiringen av 100-årsdagen for dikterens død er definitivt mer moderat. Alle som fryktet at Ibsen-året skulle bli en orgie i selvfornøyd nasjonalisme, kan i grunnen puste lettet ut i dag. De viktigste norske bidragene så langt har et klassisk kvalitetsstempel - fra det vitenskapelige verket "Henrik Ibsens skrifter" til Toril Mois ambisiøse nylesning av sentrale skuespill i "Ibsens modernisme". Boken utkommer på Oxford University Press senere i sommer. Den nynorske "Peer Gynt"-oppsetningen regissert av Robert Wilson har fått mer enn 30 nye invitasjoner etter det internasjonale gjennombruddet i New York.


Med andre ord: Ibsen-året er vorte som markeringa av 1905-jubileumet. Moderat, avdempa og med kvalitet for dei få - helst i utlandet. Kanskje det ikkje er så ille som det eg les ut av Øklands kommentar, men det seier i det minste nko om korleis delar av den såkalte kultureliten tenkjer. Og eg vil ikkje ha noko folkeleg, tilgjengeleggjort Ibsen, eg vil berre ha høve til å sjå stykka hans. Gje meg heller orgiar i nasjonalisme enn kulturelitistisk moderasjon.

Her er ein tekst av Ivar Digernes om Ibsenjubileumet i 1956:
Omkring Ibsenjubileet

Og her kan ein lesa Friedrich Engels' klassiske kommentar om Ibsen og skilnaden på norske og tyske bønder:
Engels to Paul Ernst

21.05.2006

Meet the Rebels: Maoist Guerilla of Nepal

Bilete av maoistgeriljaen i Nepal og ei maoisttilknytta kulturgruppe.
Operautsmykking

Jaja, dei diskuterer om det skal vera norsk marmor eller slikt nede i Bjørvika. Meir spanande nett no er graffititevlinga til programvaremakarane Opera. Tiram har alt skrive om det, men no har brukarane på fark.com kome opp med ein del idear.