12.02.2006

Kvifor er det så keisamt å blogga?

Eg tykkjer ikkje det er keisamt med bloggar. Eg liker å lesa det andre har skrive. Eg tykkjer det stort sett er keisamt å lesa det eg sjølv har skrive.

Ettersom eg tykkjer det er moro å lesa det andre skriv burde eg jo eigenleg tenkja at andre liker at eg skriv, og så skriva for å gleda medmenneska mine. Det er ein god nok grunn til å blogga i seg sjølv. Men då må eg finna på noko å skriva om. Eg har ikkje lyst til noko intimitetstyranni, det gjer Fru Lur Sur for heile internett.

Ting som handlar om fotball og supportarar er mykje betre å skriva og lesa om på forum.

Eg har byrja å høyra på mykje meir musikk no som eg har fått meg iPod. Så det kan eg kanskje skriva om. Men det eg tenkte kanskje hadde gjort at eg skreiv meir var om eg kunne svara på spørsmål. Det tykkjer eg er morosamt. Så send ikkje-intime spørsmål til magnus krøllalfa nynorsk no, så skal eg svara i bloggen.

Og eg kjem ikkje til å kalla det ein vlogg, Margit.

20.09.2005

06.09.2005

Skal venstresida driva med språkpolitikk?

Dette spørsmålet vert nok stilt sjeldnare i Sverige enn i Noreg, men redaksjonen i Nya Arbetartidningen gjer det i bloggen sin. Dei er er og med på denne nye språkorganisasjonen, Språkförsvaret.

22.08.2005

Siste nytt frå Kairo

PLutseleg har eg kjentfolk i Kairo! Du kan lesa om opplevingane deira i denne bloggen: Naiman

12.07.2005

The Smiths' vener mot okkupasjonen av Irak

Irsk Smiths-side med antikrigslenkjer på framsida.

05.07.2005

Dansing
Som de veit liker eg å dansa. Eg fann mykje inspirasjon i dette klippet.