16.11.2006

Y: the Last Man

Og ikkje nok med Transmetropolitan.. Her finn de det fyrste heftet i serien Y: the Last Man, som er favoritteikneserien min for tida. Den handlar om at noko utryddar alle mannlege dyr og menneske, og om korleis verda vert sjåande ut då... Last ned http://www.dccomics.com/graphic_novels/?gn=1736

Fleire gratis teikneseriehefte:
DC Comics

Gratis Transmetropolitan


Har du lurt på kor biletet Elvis Bling Laden bruker kjem frå? Det er frå den fantastiske teikneserien Tranmetrolpolitan. DC Comics har no lagt ut det fyrste heftet til fri nedlasting.

Google med nyhendesøk på norsk

Eg bruker Google News mykje, men for norske artiklar må eg bruka nyhenmdesøket på sesam.no. Det er eit godt alternativ, spesielt på grunn av at dei har arkivert artiklar frå papirutgåvene tilbake på åttitalet. Og til no ser det berre ut til at nyhendesøket berre er tilgjengeleg på bokmålsversjonen av Google. Det er dumt, ettersom det nok vil føra til at folk vil gå over til bokmålsutgåva.

Men det dummaste er neste Mediebedriftenes Landsforening, som meiner dette er eit åtak på norske nettaviser. Altså, dei burde vera lukkelege over at folk får ein inngang til artiklane deira. Og det er veldig enkelt å reservera seg mot å verta indeksert av Google, det er berre å endra robots.txt-fila. Om dei store avisene gjorde dette ville småavisene sleppa lettare til. Klassekampen ville kunne koma betre fram i mediebiletet. Eller... Klassekampen vil ikkje delta på internett, anna enn med fire utvalde artiklar. Det at dei heller ikkje har ei RSS-mating av desse fire artiklane gjer at dei ramlar ut av medievanane til mange.

14.11.2006

Kjell Lars Berge i 1976

Nokre få av lesarane av bloggen vil setje pris på dette biletet. Kjell Lars Berge heilt nedst til høgre, på eit klassebilete frå Katta.

17.10.2006

Politisk identitet II

Elvis Bling har også identifisert seg politisk. Eg ser han også har Goffen med som inspirerande enkeltperson. Ein dag må nokon skriva historia om ungdomsskulelaget.

16.10.2006

Politisk identitet...

Brage utfordra meg til å svara på nokre spørsmål... Spørsmåla står på bokmål.

1) Politisk ideologi du forfekter?

Eg kjenner ikkje at det er rett å kalla det "ein ideologi". Eg er kommunist, antiimperialist, kan godt kalla meg maoist. Kva meining det gjev er eg ikkje sikker på. eg meiner mykje som ikkje høver med kva mange meiner er innhaldet i desse tankeretningane.


2) Politisk ideologi du forakter mest?


Eg ser at mange svarar sosialdemokratiet her... Det tykkjer eg er tåpeleg. Sosialdemokratiet, og utsuginga av folk i tredje verda, har gjort den norske arbeidarklassen til den mest nøgde i heile verda. Levestandarden - og livskvaliteten også - er utan sidestykke. Det er sjølvsagt mykje gale med sosialdemokratiet, men eg meiner verkeleg ikkje at det er det eg foraktar mest.

Eg må vera så keisam at eg seier fascismen.

3) Materialist eller idealist?

Beinhard materialist. Vonar eg.

4) Plikt- eller konsekvensetikk i politikken?

Eg er vorte kalla sinnelagsetikar, som eg forstod slik at ein gjer det ein meiner er riktig, sjølv om det kan ha uheldige konsekvensar. Tilgje meg om eg ikkje har alle desse etikkvariantane klårt for meg.

5) Politisk oppvåkning?

Det var i ung alder. Eg vart tidleg veldig arg på rasisme og rasistiske overgrep. Eg var også oppvaksen med politikk rundt meg, så det var ikkje vanskeleg å verta aktiv. Det første eg gjorde politisk var å selja blomar og anna på gata til SOS Rasisme, trur eg det var. Då var eg vel 11 år gamal. Eg vart aktiv i Unge Pionerer i den alderen, men melde meg inn i Raud Ungdom då eg var 13.


6) Politisk detour?


Eg rekna meg som venstreliberalist ein gong i tida, og mange av haldningane mine er påverka av det framleis.


7) Enkeltperson som påvirket deg politisk?


Bestemor. Goffen og alle eg arbeidde med i ungdomsskolelaget i Raud Ungdom.

8) Bok som påvirket deg mest politisk?

Skriftställningarna til Jan Myrdal.

9) Største bristen i den politiske ideologi du forfekter?

Ein seier at ein vil at folket skal styra, men klarar ikkje å overtyda folket om korleis dei burde gjera det.

10) Viktigste politiske enkeltsak?


Kampen mot imperialismen. Og det tyder ikkje berre å vera i mot George Bush.

Dei som kjenner seg kalla kan svara på spørsmåla.

TV

Eg har funne ut at eg liker gode tv-seriar betre enn filmar. Tv-serier fortal gjerne ei historie ferdig på ein time, samstundes som dei har underliggjande plott som varer lenger enn det. Av dei seriane som går på norske kanalar ser eg for tida på Rome, Presidenten og dei diverse byutgåvene av CSI, pluss Entourage på svensk tv. Det er berre Rome eg *må* få med meg. I det siste har eg innsett at det er mogleg å fylgja med på tv via ymse vis på internett. Eg vil tilrå folk å sjå Studio 60 on the Sunset strip og Heroes. Studio 60 er laga av dei same folka som stod bakom Presidenten, og handlar om folk som løper frå møte til møte medan dei snakkar med kvarandre. Dei er vittige, vakre og veltalande. Men no lagar dei ikkje politikk, men skriv vitsar. Handlinga er frå eit tv-show som liknar veldig på Saturday Night Live. Om du liker Presidenten vil du lika denne serien, serleg ettersom du ikkje vert lurt til å heia på demokratane.

Ei anna serie det er verdt å få med seg er Heroes. Det er ei serie om mutantar som sakte men sikkert oppdagar superkreftene sine. Eg liker den veldig godt. Om du liker X-men og superheltar må du sjå denne serien.