06.05.2006

Bøker eg har mista

Eg mista nettopp boka Gangs av Tony Thompson, med berre to, tre kapittel att. Det var ein svært interessant bok om alle sider ved gjengkriminalitet i Storbritannia. Eg kom til å tenkja på andre bøker eg har mista.

I tilfelleleg rekkefylgje...

Tiger Bay av Jon Michelet mista eg i garderoben på Fellesmeieriet i Oslo. Det var ein veldig spanande bok, men eg veit altså ikkje korleis den sluttar.

AKP-kontoret har eg lagt att Dark Light av Ken MacLeod. Den var, som alle bøker eg har lese av MacLeod, vanskeleg å koma inn i, slik at eg ikkje saknar den så veldig. Den er nummer to i ein serie, og den første boka var veldig god. Eg tilrår alle som er glad i politisert vitskaps-fiksjon (heh..) å lesa honom.

Ei bok eg verkeleg saknar er Military art of people's war av General Giap. Den mista eg i ein pose med anna litteratur om geriljakrigføring og folkekrig.

Det var berre nokre eg kom på no. Om nokon skulle finna desse bøkene, legg att ei melding i kommentarfeltet!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Spørsmålet er om du har leita på ditt eige kontor?

Magnus sa...

Desse bøkene veit eg akkurat kor eg har mista. Bøker eg veit ligg ein stad på kontoret mitt har eg jo ikkje mista.

Magnus sa...

Hurra! Fann att 'Gangs'!