23.03.2008

...lese i dag

Trongen etter ferske aviser vart sterk, men Narvesen på Oslo S kunne ikkje hjelpa stort. Eg kjøpte helgeutgåva av International Herald Tribune, men den er jo ikkje ferskare enn frå fredag. Og det var ei ganske keisam utgåve. Derimot fann eg eit nytt svensk tidsskrift, Filter. Filter er etter det eg kan forstå redigert av nokre av dei som gjorde Offside til det mest lesverde fotballbladet eg har sett. Eg har berre lese halve Filter, men det eg las var verkeleg bra. Mat-spalta handla om korleis det har seg at vi kan få "italiensk" olivenolje på Rema 1000, når den italienske produksjonen dekkjer omlag halvparten av det italienske konsumet. Det var ein lang artikkel om Carl Lundström, høgreekstremisten som er tiltalt i Pirate Bay-saka - og dette var ein artikkel om fildeling som var truverdig, ettersom den hadde den tekniske forståringa på plass.  Mykje anna interessant også, så eg tilrår dette til dei som skal raska med seg lesestoff til lange heimreiser no mot slutten av påskeferien.

Ingen kommentarer: