16.01.2008

...lyst til å testa

It doesn't matter how good or bad the product is, the fact is that people don't read anymore... The whole conception is flawed at the top because people don't read anymore. Steve Jobs

Om det ikkje kjem nokre kommentarar på dette innlegget har Steve Jobs rett.

...sett

Louis Theroux har vore på ei to veker lang vitjing i St. Quentin-fengselet i Kalifornia. Dette er den beste dokumentaren om livet i eit fengsel eg har sett, truleg fordi Theroux nok er ein av dei mest likandes intervjuarane på TV. Han let fangane sleppa til, prata ut. Og han finn nokre utrulege historier, mellom anna om den homofile jøden og den tidlegare nazisten som har funne kvarande bakom murane (via).

15.01.2008

... vanskeleg for å tru

Fotballhelten Cristiano Lucarelli vender heim til Italia. For å spela for Parma... Det er nesten til å grina av. Meir hjå Partigiani Livornesi Scandinavia

...sletta

Eg sletta alle bloggane eg hadde lenkja til. Eg orka ikkje gå gjennom og sjekka kva lenkjer som funka og ikkje. I framtida kjem eg til å lenkja opp bloggar etter kvart som eg skriv om dei.

...lasta ned og redigert bloggen min med

Eg er jo ein av desse som snakkar mykje positivt om fri programvare og open kjeldekode og slikt. Nett no skriv eg i Windows Live Writer - det er ein veldig fin bloggredigerer. Du kan lasta ned Live Writer, Live Photo Gallery og Live Mail her.

...starta på nytt

Eg prøver igjen. Ny start på bloggen. Eigentleg er det jo fjaseboka og anna som har teke over for blogginga, men no som blogging er skikkeleg uhipt er det kanskje på tide å ta det opp att.

15.03.2007

Korleis kjøpa musikk på nettet?

All musikk ein vil ha - nesten - finst gratis på nettet. Her om dagen ville eg ha nokre gamle Bel Canto plater. Eg fann dei på musikkonline.no. Men dei filane måtte eg spela på eit avspelarprogram eg ikkje vil ha, og eg kunne ikkje bruka dei på iPoden. Eg skal innrømma at iPod ikkje er detbeste valet om ein vil ha musikk utan brukarsperrer, men eg vann den i ei tevling... Eg hadde ei tinging inne på ein spelar frå Creative då eg vann iPoden.
Så prøvde eg å lasta filane frå ei US-amerikansk nettstad, emusic.com. Den er god ettersom dei ikkje sel øydelagte filar - alt er DRM-fritt. Det dumme er at utvalet ikkje er heilt topp, og at ein må kjøpa abonnement på eit visst tal songar i månaden. Men det er ganske billeg. MEN: Bel Canto kunne ein ikkje lasta ned til Noreg frå denne nettstaden.

Så. I desse dagar er det fåre på ferde for all uavhengig nettradio. Interesseorganisasjonen til Platebransjen i USA, RIAA, har pressa styresmaktene til å stramma inn kor mykje nettradioane må betala i utpressingspengar til musikkmafiaen. Det vil seia at tenester som Pandora og last.fm kanskje må flytta til andre land, i lag med alle dei andre små nettradioane.

Finst det nokre lyspunkt? Ja. I desse dagar har eg vore mykje på Sellaband. Det er ein nettstad der ein kjøper "aksjar"i artistar utan platekontrakt. 10$ per del. Om artisten sel 5000 delar får dei gje ut CD, med profft studio og produsent. Dei som har kjøpt delar får ein CD per del, og alle songane vert lagde ut gratis i minst eitt år. Om det er inntektar på reklame og CD-sal får ein del av dei.

Dette er utruleg moro, og eg har funne ein del god musikk der også. Eg oppmoder alle om å ta ein tur innom - og gjerne kjøp nokre delar!

(Om nokon vil bruka emusic, send meg ein epost, så kan vi få nokre gratis MP3-filar...)